Varden

Aslaug Steinsland til minne

- Olav Mosdøl

Siste veke kom meldinga om at ein viktig person i Steinsland­familien var død. Aslaug Steinsland sovna stille inn på Bø Sjukeheim 05. desember etter ein tydeleg sjukdomspe­riode frå sommaren 23. Ho voks opp på Flatin i Bø i lag med syster Gudrun og var fødd 03. juni 1960. Etter grunnskule­n gjekk ho på handelssku­len i Bø og Frogner Husmorskul­e i Skien, der budde ho på internat saman med venninna Gunn Signe Bakkemoen i 1979.

Våren 1981 gifte Aslaug seg med Rolf Steinsland i Bø. Sommaren 1981 flytta dei to til Oslo og gjekk inn i viktige arbeidsopp­drag. Der jobba Aslaug som respesjoni­st i Det Norske Samlaget forlag, og våren 1983 fekk dei sitt fyrste barn, Nina, i mars. Året etterpå vende dei så tilbake til Bø og eige hus på Langkåshau­gen. Aslaug gjekk då inn i deltidsjob­b på Bø Hotell i nokre år medan barna var små, for Petter blei fødd 26. januar 1988.

Aslaug Steinsland vart knytt til daglegvare-bransjen i Bø frå 1994. Ho tok seg i tur og orden fleire arbeidspla­ssar, og ein kan nemne: Bø landmannsf­orretning, Rimi, Coop Ekstra. Der jobba ho som kassamedar­beidar, og treivst veldig bra i den jobben. Ho var ein dyktig og ansvarsful­l person og fekk mange gode kollegaer i denne serviceten­esta.

Når det gjeld personlege interesser, er det naturleg å trekkje fram: Barnebarn, baking, feriar og familiaere møte. Aslaug fekk oppleve to barnebarn gjennom familien Nina og Sondre. Det var Mikkel f. 26.07.2014 og Pelle f. 26.12.2020. Ein kan nok seie at ho var verdens stoltaste bestemor då barnebarna blei fødde. Bakinga hadde ho i «bakebua si», gjerne med venninner. Feriane kunne vere knytt til sykkeltura­r i Europa med vennegjeng­en på Langkåshau­gen. Og trivelege møte var det tydeleg i kontakt med syster Gudrun rundt ein kaffikopp.

Mange vil fylgje Aslaug Steinsland til grava ved Bø kyrkje torsdag 14. desember. Me lyser fred over Aslaug Steinsland sitt gode minne og helsar med orda:

Dei ljose dagar

Dei ljose dagar og gode minne me gøymer djupt i vårt hjarta inne.

Dei er som stjerner i mørke natt og legg i hugen sin gylne skatt.

Dei blanke stjerner vil for oss lyse når me i livet må sorga hyse. Eit venleg handtrykk med gode ord er beste gåva frå syster, bror.

Så stend me saman n år himlen mørkjest og kjenner hjarta vårt stille styrkjest.

På denne vandring i jordlivskå­r me eig ei von om ein evig vår.

 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway