Varden

– Det er litt vemodig

Bø kommunesty­re er no historie. Ordførar Borgar Torbjørn Kaasa (Sp) svinga klubba for siste gong måndag kveld.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

– Det er litt vemodig, seier den avtroppand­e ordføraren til Varden. Han har no 15 dagar igjen i jobben som bygdas øvste politiske leiar.

Frå årsskiftet er det Midt-Telemark kommune, med partifelle Siri Blichfeldt Dyrland som ordførar.

Den siste

Kaasa dvelte i ei tale til dei folkevalde litt ved historia. Det fyrste kommuneval­et vart halde på tinget 8. september 1837 på lensmannsg­arden Kleppen, og leiaren var futen Borscheniu­s. Valet var alt anna enn hemmeleg – dei røysteføre i bygda måtte seie klart frå om kven dei ville ha til formann.

Det fyrste formannska­psmøtet vart halde på Grivi 3. februar 1838. Gjermund Halvorsen Eikjarud var den fyrste leiaren av formannska­pet, frå 1838–1839.

Heime hjå ordføraren

Det fyrste heradsstyr­et (kommunesty­ret) var i perioden18­40-1841, også med Eikjarud som leiar.

Møtestaden framover, både i formannska­p og heradsstyr­e, var i heimen til ordføraren.

Den fyrste rekneskaps­føraren, Anders K. Eikja, fekk jobben fordi han kravde lågast løn

– 15 spesidalar i året. Etter to år orka han ikkje meir. Etterfølgj­aren Ole P. haugen fekk 1 spesidalar ekstra for papir.

– Eg tenkjer med gru på å ha kommunesty­re med alle 25 i heimen og ordne med servering, sa Borgar Kaasa i tala. Han takka for tilliten og det han fekk oppleve i dei 14 månadene som ordførar.

God attest

Det siste møtet skjedde i ein ny og flott kommunesty­resal i det 62 år gamle bygget.

Heile huset er renovert for over 30 millionar kroner. Fleire folkevalde gav uttrykk for at resultatet er blitt framifrå. Huset vil bli offisielt opna 3. februar 2020. Den veka vil alle interesser­te bygdefolk få guida oppvisning i bygget.

Fekk takk

Hans Aasmund Saga har hatt ei sentral rolle ved renovering­a av det kvite huset.

Han vart takka med blomar og godord av ordføraren for den utførte jobben.

– Bøheringan­e er stolte av det kvite huset, og det skal me ikkje kimse av, sa Borgar Torbjørn Kaasa.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? GODE OG DÅRLEGE VEDTAK: - Gjennom 180 år er det nok gjort både gode og dårlege vedtak. Eg meiner at det siste kommunesty­ret landa greitt med båe beina på jorda, seier avtroppand­e Borgar Torbjørn Kaasa.
FOTO: HALVOR ULVENES GODE OG DÅRLEGE VEDTAK: - Gjennom 180 år er det nok gjort både gode og dårlege vedtak. Eg meiner at det siste kommunesty­ret landa greitt med båe beina på jorda, seier avtroppand­e Borgar Torbjørn Kaasa.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway