Mattilsynet ein bremsekloss
Fruktdyrkarar i resten av Europa har langt fleire hjelpemiddel til rådvelde enn norske fruktprodusentar når problema er store og førebyggande tiltak ikkje gir effekt lenger. Problemet er at Mattilsynet tolkar regelverket langt strengare enn nabolanda våre.
På garden vår i Sauherad har me dei siste 15 åra satsa stort på økologisk fruktdyrking. Men i fjor måtte me gje opp og legge om mesteparten til konvensjonell drift fordi me ikkje greier å få økonomi i produksjonen.
Utfordringa er at me ikkje har like mange innsatsmiddel som produsentar elles i Norden og Europa. Det største problemet er insekt som går inn i epla og øydelegg dei frå innsida. Det er faktisk Mattilsynet som er bremseklossen her.
I 2017 kom det ei ny økologi-forskrift som seier at plantevernmiddel som er lov å bruke i økologisk dyrking i EU, er også lovleg å bruke i Norge. Men dei må likevel få ei nasjonal godkjenning av Mattilsynet her i landet.
Eit av problema er at det kan koste 250.000 kroner i gebyr til Mattilsynet å få godkjent eit middel som kanskje berre nokre få økologiske dyrkarar skal bruke.
Økologisk fruktproduksjon treng fleire godkjende plantevernmiddel. Men firma som importerer desse vegrar seg for å søke løyve på grunn av høge gebyr og strenge dokumentasjonskrav. Importørane finn det ikkje rekningssvarande å søkje godkjenning fordi for få dyrkarar vil kjøpe produkta.
Svovelkalk var i bruk i Norge for inntil 15 år sidan. Men brått var ikkje dokumentasjonen god nok for Mattilsynet og middelet blei ikkje godkjent lenger. Sverige og Danmark valde å forlenge gamle nasjonale godkjenningar, medan Norge strauk godkjenninga då det kom nye dokumentasjonskrav. Dermed har me mista eit godt produkt mot skurvsopp på epla.
Dette problemet gjeld ikkje berre økologisk produksjon. Også konvensjonelle produsentar blir stoppa av streng praksis hos Mattilsynet. Det bør bli lettare å få godkjent nye middel, anten gjennom enklare regelverk eller støtte til restmiddelforsøk. Frå morellprodusentar som har tunnelar får eg melding om at dei har faerre middel enn dei som dyrkar på friland. Grunnen er manglande restmiddelforsøk.
Strengt regelverk? Ja, men me må vel leve med regelverket sidan me no har same regelverk som i EU. Men tolking og etterleving av regelverket synast å vere ulikt.
For økologisk drift er gebyrsatsane ein stor bremsekloss. Dokumentasjonskrava er strenge, men det gjeld også i andre land.
Agronomiske omsyn blir tillagt litan eller ingen vekt i Norge medan i Danmark seier rådgjevarane at Miljøstyrelsen der nede kan la seg påverke av god argumentasjon og saerlege agronomiske omsyn.
Mattilsynet må no sjå på praksisen sin og sette ned gebyrsatsane og krava for å få godkjent nye plantevernmiddel.
Mikkel Aanderaa