Bladde opp to millionar til naeringspark
Formannskapet i Bø bladde opp to millionar kroner i ny aksjekapital til Midt-Telemark Naeringspark på Brenna. Delar av parken må hevast på grunn av flaumfare.
Politikarane sa også ja til ei refinansiering av selskapet, som har tapt over 1,5 millionar kroner i perioden 2015-2017. Glenn Isaksen (Ap) understreka i ordskiftet at han ikkje likte å kome i ein slik situasjon med press, men at han måtte røyste for kapitalutvidinga. Eigenkapitalen i parken var nesten tapt ved inngangen til 2018. Da var det berre igjen 263.000 kroner av eigenkapitalen på 3,4 millionar kroner.
– Rekneskapen for 2018 blir ikkje klar før i april, men kapitalsituasjonen er temmeleg lik den me hadde for eitt år sidan, opplyser styreleiar Kjell Arne Lunde til Varden.
Han fortel at bakgrunnen for kapitalinnsprøytinga er nye flaumkrav frå NVE, som seier at delar av området må hevast. Ifølgje saksutgreiinga til formannskapet må 28 dekar hevast med ein halv meter. Dette er kalkulert til om lag fem millionar kroner. Kostnaden skal finansierast med to millionar kroner i aksjekapital frå kvar av kommunane Bø og Sauherad samt ekstra lån på ein million kroner i samband med refinansieringa. Lunde ser meir optimistisk på framtidsutsiktene enn tidlegare.
– Parken har selt fem tomter. Eg jobbar no med å selje ei flott tomt naer riksvegen på fire dekar. Etter salet av tomta der politihuset skal liggje er også den likvide situasjonen blitt betre, seier styreleiar Kjell Arne Lunde.
▶ Halvor Ulvenes