Varden

Får ny gullreklam­e

Telemark får ny gullreklam­e på TV. Denne veka har NRK-programmet «Norge nå» tre sendingar frå fylket vårt.

- ▶ BØ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Solfrid Leirgul Øverbø skal vere reporter i alle tre sendingane frå Skien, Bø og Seljord.

– Eg gler meg veldig. Målet med programmet er at sjåarane skal bli litt klokare og me skal finne dei gode historiene - frå heile landet til heile landet, seier den blide røysta frå NRK på Borgeåsen.

Framtidshe­imen

Skien er fyrste stoppestad med sending i kveld. Solfrid Leirgul Øverbø fortel at basen blir i ein heim hjå ein person med mange tekniske «duppeditta­r».

Vidare blir det innslag frå skaparverk­staden på Skogmo vidaregåan­de skule. Temaet i denne sendinga blir framtidshe­imen, og korleis teknologie­n både er hjelpemidd­el, påverkar vanane våre, kvifor nokre er redde teknologie­n og kva ein bør tenkje over.

Elgjakta startar

Lifjellstu­a i Bø er basen for sendinga tysdag kveld - den dagen elgjakta startar i delar av fylket vårt, blant anna i Bø. Rekrutteri­ng til jakt, med tidenes satsing for å få fleire kvinner ut i skogen med børsa, vert mellom temaa i denne sendinga frå Bø.

Konsekvens­ar viss me ikkje jaktar, skrantesju­ke mv. vert tema i sendinga som etter planen skal gå frå utsida av Lifjellstu­a. Det blir også intervju med ein jegerfamil­ie frå distriktet.

300.000 sjåarar

– Blir det mykje PR for Lifjellstu­a, Solfrid?

– Dei får vise seg fram på beste sendetid i NRK. Programmet har kring 300.000 sjåarar, svarar Solfrid Leirgul Øverbø.

Gunhild Grav, Sandra Kallestad og Ann Kristin Skogen stråler over at NRK har valt ut Lifjellstu­a.

– Dette er gull for Bø, Lifjell, Telemark og oss, seier Gunhild Grav.

Onsdag er det ikkje sending, men torsdag kveld dukkar «Norge nå» opp ved Seljordsva­tnet.

Det mystiske dyret

Der vil sjølvsagt sjøormen vere tema - dyret som har skapt mystikk rundt denne innsjøen sidan det fyrste gong dukka opp på 1700-talet.

Mytane rundt sjøormen, videoklipp, kva har folk sett og menneske som trur på sjøormen er nokre av innslaga frå denne bygda.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FÅR BESØK: Sandra Kallestad (f.v.), Ann Kristin Skogen og Gunhild Grav på Lifjellstu­a får besøk av NRK-programmet «Norge nå» tysdag kveld.
FOTO: HALVOR ULVENES FÅR BESØK: Sandra Kallestad (f.v.), Ann Kristin Skogen og Gunhild Grav på Lifjellstu­a får besøk av NRK-programmet «Norge nå» tysdag kveld.
 ?? FOTO: MARTIN TORSTVEIT/NRK ?? REPORTER: Solfrid Leirgul Øverbø frå NRK Telemark blir reporter i alle sendingane.
FOTO: MARTIN TORSTVEIT/NRK REPORTER: Solfrid Leirgul Øverbø frå NRK Telemark blir reporter i alle sendingane.
 ??  ?? SJØORMEN: Sjøormen står i fokus i sendinga frå Seljord.
SJØORMEN: Sjøormen står i fokus i sendinga frå Seljord.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway