Varden

Liv budde åleine på vidda

Liv Vollane budde i steinbua på Hardangerv­idda. Herifrå kjempa ho mot staten som ville ta fra ho området på 300.000 dekar.

- Halvor.ulvenes@varden.no

No etterlyser lokalhisto­rikarane Inger Johanne Bakka og Anne Haugen Wagn på Notodden slektninga­r etter fjelldronn­inga Liv Vollane (1767-1857). Ho levde det vaksne livet sitt i ei steinbu på Vollane på Hardangerv­idda.

Drog til Amerika

– Tre oldebarn av Liv drog til Amerika. Den eine var Aslak Knudsen (fødd 1859), den andre var Tov Knudsen (fødd 1866) og den siste var Tone Knudsen (fødd 1866). Dei to siste skal ha busett seg i Willmar i Minnesota, seier Inger Johanne Bakka og Anne Haugen Wagn.

Sistnemnde viser til at Vollane på Møsstrond er ein del av området for verdsarv – og gjer derfor denne soga ekstra interessan­t.

– Ei fascineran­de historie. Vollane låg i eit slag vegkryss på Hardangerv­idda, seier Haugen Wagn.

Dei to heddølane har gjort framstøyt mot USA for å finne etterkomar­ar.

– Dei som melder seg som slektninga­r, skal få gratis helikopter­tur inn til Vollane. Me har lyst til å syne dei plassen, seier Inger Johanne Bakka.

Rydningsma­nnen

Olav Torsteinss­on frå Atrå var rydningsma­nn på staden, som ligg 1.050 meter over havet, oppafor Argehovd. Her dyrka dei neper. Korn var ikkje aktuelt. På «nabogarden» Argehovd sette dei poteter alt i 1790, men der var dei mindre utsette for frost enn på Vollane. Dei hadde og husdyrhald, men det som gav inntekter var utleige av beite.

Olav Torsteinss­on fekk skyldsett (verdi for skattelikn­ing) Vollane i 1793, men opplevde liten glede av eigedomen. Han fekk festebrev i januar 1800, men alt i neste månad var han død.

Vollane vart derfor bygsla til broren Tov Torkelsen og «hustrue». Kona var nettopp Liv Vollane, 29 år yngre enn ektemannen. Ved folketelji­nga i 1801 budde dei på Vollane saman med barna Birgit (3) og Torstein (1).

I 1802 kjem Aslaug, i 1804 blir Anne fødd, ho døyr et par år seinere. Dette året fekk dei bygselsret­t til eigedomen på livstid. Det aktuelle området var på 4,5 kvadratmil – ei kvadratmil er 11,3 x 11,3 kilometer.

I 1806 døyr også ektemannen Tov, som da var 68 år gamal, av lungebeten­nelse. Liv vart sitjande igjen med to døtrer – Aslaug og Birgit. Berre Birgit hadde barn, og det var barnebarna hennar som sidan drog til Amerika.

Myndig kvinne

Klimaet er tøft på Hardangerv­idda, men Liv Vollane måtte også kjempe mot andre krefter enn vêrgudane. Fleire prøva på å slå kloa i eigedomen, men Liv tok opp kampen. Motstandar­ane fekk merke at dette var ei kvinne som kunne bite frå seg.

Nokre karar frå Numedal sette opp ei fiskebu ved eit vatn som høyrde til Vollane. Liv reiv bua, og fyra opp alt som var brennbart.

På det som i dag vert kalla indrefilet­en på Hardangerv­idda, dreiv ho med jakt, snarefangs­t og fiske. Ho slo høyet, sette det i stakk og henta det heim vinterstid. Liv tok seg av buskapen sin og skaut ulven viss den blei for naergåande.

Nokre gonger leigde ho hjelp. Ho gifta seg med ein av leigekaran­e, men vart raskt enke for andre gong – da over 60 år. Likevel gav ho aldri opp.

Vann mot staten

Vera Henriksen skriv i boka «Hardangerv­idda» at alt fyrste gongen ho vart enke, prøva dei å få henne vekk – men saka fall bort.

I 1834 blei det lyst ut auksjon over bygselsret­ten på garden, men nok ein gong sa ho blankt nei til flytting.

Staten gjekk til sak – og i desember 1844 kom dommen: Liv Vollane fekk papir på at ingen kunne jage henne frå Vollane. I kampen om bygselsret­ten seier soga at ho gjekk seks mil på ski – frå Møsstrond til Atrå – på ein dag for å rådføre seg med lensmann Hans Anfindsen. Det skjedde vinteren 1837/38 – da var ho 70 år gamal.

– Ei uvanleg tøff kjerring, seier Inger Johanne Bakka og Anne Haugen Wagn.

Svigersone­n kjøpte sidan eigedomen. Fyrst i ein alder av 76 år kunne Liv føle at ho sat trygt på Vollane.

Ho gjekk bort 4. mars 1857, 90 år gamal. Sidan har ingen budd på Vollane.

Halvor Ulvenes ▶ KJELDER: Johan Vaa: Langs Kvenna – før og no, 2009, Vera Henriksen – artikkel i boka Hardangerv­idda, Grøndahl, 1981, Inger Johanne Bakka

 ??  ?? PÅ BESØK: «Høifjeldsk­ommisjonen» på besøk på Vollane i 1933.
PÅ BESØK: «Høifjeldsk­ommisjonen» på besøk på Vollane i 1933.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway