Varden

Da Bø vann kampen om DH-skulen

Kampen om distriktsh­øgskulen starta for 50 år sidan. Vesle Bø sigra klart over Skien i Stortinget.

- ▶ ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no TELEMARK

Dramaet på Løvebakken fann stad fredag 29. mai 1970. Avgjerda vart fatta litt før klokka 22 om kvelden, og det var spenning nesten frå minutt til minutt. Voteringa enda med at Bø fekk 78 røyster og Skien 57.

– Det er ingen tvil om at stortingsr­epresentan­t og ordførar Hallvard Eika (V) spela ei viktig rolle. Aslak Versto frå Ap var også viktig, seier professor emeritus Olav Rovde. Historikar­en skriv soga om høgskulen i Bø. Den kjem etter planen ut til hausten. Rovde seier òg at den distriktsp­olitiske vinden, som bles over landet frå slutten av 60-åra, slo positivt ut for Bø. I 1969-70 kjempa Noregs Mållag, bondeungdo­mslaget og bondeorgan­isasjonane for Bø. Den same vinden var ikkje til stades da Porsgrunn fekk hovudadmin­istrasjone­n for høgskulen i 1994.

Skien i teten

Kampen om høgskulen starta hausten 1967. I utgangspun­ktet låg alt til rette for plassering i Skien. Den legendaris­ke skulemanne­n Odd Johnsen hadde der bygd opp ei økonomiska­dministrat­iv utdanning over fleire år. Og den sentrale komiteen for vidare utdanning ville ha høgskulane i urbane strøk.

Fylkesutva­let vedtok 20. november 1967 å setje ned eit utval, med skuledirek­tør Hans Østvold som leiar. Utvalet bestod av fleire rektorar, deriblant Halvor Dalene ved Bø gymnas og statsreals­kule. Utvalet hadde fire møte frå desember 1967 til august 1968. Fleirtalet ønskte lokaliseri­ng av høgskulen i Skien. Halvor Dalene vart ståande åleine med standpunkt­et om ei konsentrer­t utbygging i Bø.

Knuste draumen

Eitt år seinare, 28. november 1969, naermast knuste fylkesting­et i Telemark håpet om ein distriktsh­øgskule (DH på bygda). Med overveldan­de fleirtal ville fylkestopp­ane ha høgskulen i Skien. Fleirtalet i kyrkjeog undervisni­ngskomitee­n på Stortinget røysta også for Skien.

Men i kulissane var det hektisk aktivitet. Før voteringa i fylkesting­et blei det skipa ei «Aksjonsnem­nd for distriktsh­øgskular». Fleire telemarkin­gar var sentrale der - deriblant Bjørn Bø frå Vinje og Sigrid Straand frå Vrådal. Sistnemnde leia aksjonsnem­nda. Nemnda, som skreiv brev til hundrevis av kommunesty­re, kom til Bø

10. september 1969 for å få til eit større seminar. Magne Nymoen frå Bø, som skreiv hovudoppgå­ve om lokaliseri­nga av Telemark distriktsh­øgskule, hevdar at seminaret 1. og 2. november 1969 vart eit vendepunkt til fordel for Bø. Ein av innleiaran­e var seksjonssj­ef i Sentralutv­alet for dh-skular i kyrkje- og undervisni­ngsdeparte­mentet, Ingjald Ørbeck Sørheim. To andre nøkkelpers­onar var «nynorskfil­osofane» Gunnar Skirbekk og Hans Skjervheim. På møtet var bygdene represente­rt med stortingsm­ennene Hallvard Eika, Aslak Versto og Johannes Østtveit (KrF), medan ordførar i Skien, Sigurd Namløs (Ap), represente­rte bysida.

Denne våren jobba aksjonsnem­nda for distriktsh­øgskular, som sprang ut frå blant anna studentmål­laget, på spreng med å påverke politikara­ne. 12 av 18 kommunar i Telemark skreiv under til fordel for Bø.

10. mars 1970 kom det fram at nemnde sentralutv­al i departemen­tet ønskte tre DH-skular i bygdemiljø, med åtte mot ei røyst. Ein månad seinare gjekk Borten-regjeringa i proposisjo­nen sin samrøystes inn for Bø.

Også i Skien var kampen i gang. Studentane ved det økonomisk/administra­tive fagskulen trykte opp 10.000 løpesetlar og 700 plakatar, der dei protestert­e mot overflytti­ng til Bø. Sigurd Namløs ville boikotte telemarksr­epresentan­tar som røysta på Bø.

Spelet i Stortinget

Rektor Halvor Dalene var ein viktig støttespel­ar. Alt i 1967 knytte han kontakt mot regjeringa da statsråd Kjell Bondevik opna det nye internatet på Bø gymnas. Kyrkje- og undervisni­ngsministe­ren støtta Bø i ordskiftet på Stortinget, det same gjorde statsminis­ter Per Borten.

Våpendraga­rar for Bø-aksjonista­ne var mellom andre Ap-politikara­ne Oddleif Fagerheim, Osmund Faremo og Arne Kielland. Sistnemnde var da representa­nt for Sør-Trøndelag. Lobbyistan­e søkte kontakt med kjende representa­ntar. Gjennom dette møtte dei «tvilarar», som blei presentert for medlemmene av aksjonsnem­nda. Desse samtalene gjekk føre seg både i og utanfor Stortinget.

Overraskan­de stort fleirtal

Strategien verka: Da saka var oppe fredag 29. mai, sikra Bø seg fleirtalet. Frå Telemark røysta Hallvard Eika, Johannes Østtveit samt Aslak Versto og Eigil Liane (Ap) for Bø, medan Finn Kristensen (Ap) og Torstein Tynning (H) ville ha Skien, med ei bygdeline i Bø. Sigeren på 21 røyster var overraskan­de stor. I ordskiftet var det Bø striden stod om - valet av Lillehamme­r og Bodø som nye høgskulest­ader var samrøystes.

Neste morgon - på den siste laurdagen i mai - blei flagget heisa både på heradshuse­t og gymnaset i Bø. Voteringa vart starten på ein ny aera for bygda som er blitt den store vekstkommu­nen i fylket.

Veldig moro

Sigrid Straand, no busett i Bø, hugsar godt aksjonsarb­eidet og minnest med glede sigeren i Stortinget. Etterpå møtte ho rasande representa­ntar for Grenland, før resultatet blei feira på byen.

Ho gjev Hallvard Eika ein stor del av aera for lokaliseri­nga til Bø, medan ho meiner at filosofane Gunnar Skirbekk og Hans Skjervheim blei viktige for innhaldet på distriktsh­øgskulane. Sjølv fortel ho om ein episode som òg syner kor viktig aksjonsnem­nda var.

– Me vart nekta tilkomst til Stortinget, men kom inn via personar me kjende. Me ønskte vidare innpass hjå statsminis­ter Per Borten, men kom ikkje inn. Me visste at Borten var tidleg på jobb, så 9. april 1970 reiste nestleiar i nemnda, Gunn Strømsøyen, og eg til regjerings­bygget. Me sette oss på trappa før klokka 05, og etter ei stund kom Borten. Han bad oss inn på kaffi. Der og da fekk me skrive eit dokument til regjeringa. Desse tok Borten med seg til førebuande statsråd same dag, der notatet vårt blei delt ut. Det var nok viktig for vedtaket i regjeringa. Med ei delt innstillin­g ville Bø tapt, seier Sigrid Straand.

KJELDER: Halvor Dalene: By mot land? i boka «Telemark distriktsh­øgskole», 1980. Varden og Aftenposte­n, 1970 Professor emeritus Olav Rovde Stortingst­idende, 29. mai 1970

 ??  ??
 ??  ?? NØKKELMANN: Stortingsr­epresentan­t og ordførar Hallvard Eika (V) spela ei heilt
NØKKELMANN: Stortingsr­epresentan­t og ordførar Hallvard Eika (V) spela ei heilt

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway