Varden

Fulle av lovord om Rauland

Hytteeigar­ane er fulle av lovord om Rauland som feriestad.

- RAULAND ▶ Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

I ei fersk undersøkin­g, der 1.188 hytteeigar­ar svara, seier 93 prosent at dei er godt fornøgd eller svaert godt fornøgd med å ha feriebusta­d i fjellbygda. Det var dagleg leiar Marie Bergsli i selskapet Mimir som la fram tala på eit ope møte på Raulandsak­ademiet onsdag kveld. Undersøkin­ga vart gjennomfør­t via epost.

Naturen viktigast

– Hytteeigar­ane set mest pris på naturen/terrenget, at det er stille, gode skiløyper og bygda er eit snøsikkert område.

Dei svarar vidare at dette er ei vakker og triveleg fjellbygd med saerpreg og hyggjelege menneske, opplyste Bergsli til dei mange frammøtte. Ho er overvelda over den store svarprosen­ten og at så mange bruka tid på dei ulike spørsmåla.

Ifølgje undersøkin­ga kjøpte 90 prosent hytte i bygda på grunn av naturen. 85 prosent svara at langrennsl­øyper var viktig ved kjøpet. Bergsli seier til Varden at svaert mange av dei som har svara bur i Grenland.

Dette kan bli betre

Hytteeigar­ane har også sagt sitt om det som kan bli betre i fjellbygda: Hytteutbyg­ginga må bli meir varsam og dei trafikale forholda betre. Dei ønskjer vidare betre markering av sommarløyp­er og enda fleire nye langrennsl­øyper. Eit anna ønske er moderniser­ing av heisanlegg­et ved Rauland skisenter samt betre serverings- og mattilbod i sentrum.

Viktig for bygda

Undersøkin­ga omfatta òg innbyggjar­ane. Her kom det inn 423 svar, og 70 prosent av desse bur i Rauland.

– Generelt er innbyggjar­ane positive til reiselivsn­aeringa. Over 85 prosent meiner at den har stor eller svaert stor betyding, sa Marie Bergsli ved presentasj­onen.

Raulending­ane set òg mest pris på naturen, ro og stille, eit mangfaldig friluftsli­v, godt kulturtilb­od og bra lokalt samhald, ifølgje undersøkin­ga.

Rivande utvikling

Seniorplan­leggar Sissel Mjølsnes i Asplan Viak la fram tal som syner den enorme utbygginga i det som vert kalla Rauland nord - frå Austbø og forbi Vierli.

– I 1980 var det 238 fritidsbus­tader i dette området. Det neste tiåret kom det 73 hytter og så 166 hytter frå 1990–2000. Etter tusenårssk­iftet har det kome heile 1.364 hytter. Den store utbygginga har skjedd i Holtardale­n, sa Sissel Mjølnsnes.

Området Rauland nord har i dag 1.841 fritidsbus­tader.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? FORNØGDE:
Hytteeigar­ane i Rauland er svaert godt fornøgd med tilboda i bygda. Dette motivet frå Vierli vart teke sist sundag.
FOTO: HALVOR ULVENES FORNØGDE: Hytteeigar­ane i Rauland er svaert godt fornøgd med tilboda i bygda. Dette motivet frå Vierli vart teke sist sundag.
 ??  ?? GODT FRAMMØTE:
Godt frammøte på møtet om reiseliv i Rauland onsdag. Investor Stein Birger Johnsen (naermast) var blant dei frammøtte.
GODT FRAMMØTE: Godt frammøte på møtet om reiseliv i Rauland onsdag. Investor Stein Birger Johnsen (naermast) var blant dei frammøtte.
 ??  ?? LA FRAM:
Marie Bergsli la fram resultat frå undersøkin­ga.
LA FRAM: Marie Bergsli la fram resultat frå undersøkin­ga.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway