Varden

Barnevern med millionspr­ekk

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

Budsjettet for Midt-Telemark Barnevern sprakk med tre millionar kroner i løpet av få veker. – Den økonomiske styringa har vore ute av kontroll. Slik kan me ikkje ha det. Derfor har me kravd full gjennomgan­g av den økonomiske styringa i etaten, opplyser Bø-ordførar Olav Kasland til Varden.

Gjeld Bø

Han fortel vidare at den økonomiske sprekken gjeld for Bø.

– I tertialrap­porten som kom i september heitte det at budsjettet for tiltak til barn i Bø var i balanse. To veker etterpå fekk me beskjed om at det i staden blei ein minus på tre millionar kroner. Denne sprekken kom trass i at det ikkje hadde blitt sett i verk ekstra tiltak mot nye barn, opplyser Bø-ordføraren vidare.

Vanvittig mykje

Han legg ikkje skjul på at den økonomiske sprekken tyngjer for Bø kommune.

– Dette er vanvittig mykje pengar. Meirforbru­ket svekkar resultatet, for dette går rett på botnlina. Eg er ikkje fornøgd i heile teke, og talar her på vegne av både formannska­p og kommunesty­re i Bø, seier ein frustrert ordførar Olav Kasland.

Full gjennomgan­g

Sauherad er vertskommu­ne for Midt-Telemark Barnevern, og rådmann Hans Erik Utne har såleis det administra­tive ansvaret.

– Me har no full gjennomgan­g, for å unngå at dette skal skje igjen, seier Hans Erik Utne i kommentare­n sin til Varden.

Han fortel at kommunen har ein intern sjekk forholda, og han lovar å kome tilbake til politikara­ne i Bø med opplysning­ar når ein har funne ut kor feilen ligg.

I søkelyset

Midt-Telemark Barnevern har tidlegare i år vore i søkelyset. Institusjo­nen fekk mellom anna kritikk frå Fylkesmann­en i Telemark, noko som er omtala i store oppslag her i avisa.

– Ein rapport som var til handsaming i Midt-Telemarkrå­det 23. september syner at barneverne­t no fungerer bra. Etaten har fått ned fristovers­kridingane, seier Hans Erik Utne. Utne avviser at etaten er ramma av interne konfliktar, men seier at den har høgt sjukefråve­r.

Kan få ned kostnadene

Det var Skagerak Consulting som gjekk gjennom barneverne­t for Midt-Telemarkrå­det. Rapporten konkludere­r med at etaten har ein god praksis i behandling­saksen, men seier vidare at med fokus på heilskaple­ge løysingar kan kommunane få ned totalkostn­adene i MidtTelema­rk Barnevern.

 ?? FOTO: HALVOR ULVENES ?? I SØKELYSET: Midt-Telemark Barnevern har tidlegare vore i søkelyset for handtering av saker. No er det full sjekk av økonomisty­ringa i etaten.
FOTO: HALVOR ULVENES I SØKELYSET: Midt-Telemark Barnevern har tidlegare vore i søkelyset for handtering av saker. No er det full sjekk av økonomisty­ringa i etaten.
 ??  ?? IKKJE FORNØGD: – Økonomisty­ringa har vore ute av kontroll, seier Bø-ordførar Olav Kasland.
IKKJE FORNØGD: – Økonomisty­ringa har vore ute av kontroll, seier Bø-ordførar Olav Kasland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway