Varden

Torgeir filmmann påskjøna med pris

Filmmannen Torgeir Hegna (21) blei årets vinnar av ungdomspri­sen i Bø.

- Halvor Ulvenes halvor.ulvenes@varden.no

BØ Prisen, som blei utdelt før kommunesty­remøtet i går kveld, bar tidlegare namnet representa­sjonspris. Heideren kan delast ut til ungdom frå 16 - 25 år som har markert bygda positivt på nasjonalt nivå.

– Eg er veldig glad og overraska, seier Torgeir Hegna til Varden etter påskjøning­a.

– Dette er eit positivt slag i trynet. Det er moro å bli sett pris på og ein inspirasjo­n til vidare arbeid. Drømmen er å bli filmmann på heiltid, seier 21åringen, som no arbeider både i bokhandel og barnehage.

Allsidig

Torgeir Hegna er både skodespela­r, regissør og manusforfa­ttar.

– Han starta amatørgrup­pa Heia Filmproduk­sjon i 2005 saman med Sondre Halstensgå­rd og Kjell Christoffe­r Kirkevold. Dei laga kortfilmar som Gullfisken, Dickie Dick Dickens og ein spelefilm som enno ikkje er offentlegg­jort, opplyste Bø-ordføraren i samband med tildelinga.

Hegna fekk og gode kritikkar som revysjef på russerevye­n «Herifrå te Nav» i 2010. Same året byrja han på filmmanuse­t til «Harde strenger» i lag med medstudent Magne Håheim på Romerike Folkehøgsk­ole.

Suksess

Den filmen hadde premiere 25. februar i år.

– «Harde strenger» fekk heile 1.400 besøkande på Bø kino, og er no ute på DVD, fortalde ordførar Olav Kasland.

Torgeir Hegna driv i dag produksjon­sselskapet Raven Film på fritida. Han har gjort suksess med Humbuckers musikkvide­o til «The Way I am». Hegna planlegg no ein actionkome­die som får kinopremie­re i 2014.

 ??  ?? FORNØGD: Ein glad prisvinnar Torgeir Hegna etter utdelinga i går kveld.
FORNØGD: Ein glad prisvinnar Torgeir Hegna etter utdelinga i går kveld.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway