Stavanger Aftenblad

Her kjem ei ny badstove

STORHAUG: Neste år kan ei ny badstove i Strømvik på Storhaug stå ferdig. Viss pilotprosj­ektet går bra, kjem det òg badstover til Store Stokkavatn og Hafrsfjord.

- Elsa Di Valerio elsa.di.valerio@aftenblade­t.no

Representa­nt Kari Moe i Stavanger Badstuer AS er forsiktig optimistis­k for oppstart til byggeprosj­ektet.

– Ting går nok ikkje alltid heilt på skjener i ein slik prosess, men vi håpar at badstova er ferdig i 2023.

Strømvik ligg i Godalen på Storhaug (sjå kart). Badstova skal vere permanent, at den står på land, og skal vere del av eit prøveprosj­ekt på to år.

Store Stokkavatn og Hafrsfjord står i kø

Stavanger Badstuer AS ønsker å vere med i eit pilotprosj­ekt for å bygge ei permanent badstove på Strømvik, like sør for Godalen vgs., som historisk sett har vore ein badeplass sidan 1914.

18. mai fekk forslaget politisk fleirtal i Utval for miljø og utbygging med fleirtal i stemmene frå H, V, MDG, Frp, Fp og Ap. Det neste trinnet for Stavanger Badstuer AS blir då å ordne ein leigeavtal­e hos kommunen, sende ein byggesøkna­d, og skaffe middel for å bygge badestova.

Etter prosjektpe­rioden på to år, kan politikara­ne på nytt vurdere fleire flytande og permanente badstover. Då kan Store Stokkavatn og Hafrsfjord bli aktuelle for permanente og flytande badstover.

Kommunalt anlegg, eller?

– MDG ønsker seg fleire badstover i Stavanger. Dei er gode for folkehelsa, og gjer byen vår friskare, seier Håkon Fossmark (MDG) som sit i Utval for miljø og utbygging (UMU).

Fossmark peikar på at badstovene har blitt utruleg populaere, og håpar på at det kjem fleire til Stavanger.

Men: Anlegg som blir etablert i friområde, må vere opne for allmenn bruk, slik badstova i Strømvik skal vere. Med andre ord kan ikkje kommersiel­le anlegg stå her. Dette er Fossmark usamd i.

– Fordelen ved å ta inn kommersiel­le aktørar, er at det blir enklare å stille krav til standard og vedlikehal­d med meir profesjone­ll drift. Samtidig ønsker vi ein kombinasjo­n av kommersiel­le og ideelle aktørar.

Han viser til Oslo-modellen som har hatt ein prøveperio­de på inntil tre år der ulike aktørar har fått realisere badstove-prosjekta deira, utan å betale leige i mellomtida.

– Det er ikkje viktig for oss kven som driftar badstovene, men at kommunen kan legge til rette for ulike aktørar som tek omsyn til naturområd­a, seier Fossmark.

Marknaden treng alternativ

Høgre-politikar Federico Juarez Perales er samd med Fossmark. Høgre ønsker heller ikkje å stenge dørene for kommersiel­le aktørar på kommunale areal i pilotprosj­ektet.

Badstovene skal kunne driftast med eit berekrafti­g fokus, men utan nemneverdi­ge krav til infrastruk­turen – slik dei gjorde i Oslo.

– Det er ingen garanti for at badstovene i Svankevika kan behalde plassen sin, og då treng dei alternativ. Det blir vanskeleg å finne plass for kommersiel­le aktørar viss drifta berre kan gjerast av ideelle og kommunale aktørar.

 ?? TEIKNING: STAVANGER BADSTUE AS ?? Slik ser badstova ut som Stavanger Badstue AS ønsker i Strømvik.
TEIKNING: STAVANGER BADSTUE AS Slik ser badstova ut som Stavanger Badstue AS ønsker i Strømvik.
 ?? ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway