Stavanger Aftenblad

Landbruksm­inister Bollestad må lytta til bondeopprø­ret

- Gaute Eiterjord Student ved NMBU

LANDBRUKSO­PPGJERET: Me kan ikkje halda fram med ein politikk som gir oss eit first price-jordbruk kor gardane skal bli størst moglege, maten billigast mogleg og inntekts- og arbeidsvil­kåra er rein sosial dumping.

Eg er ikkje bonde, men ein bygut som vaks opp langt frå lukta av høy og gjødsel. I tida mi i Natur og Ungdom blei eg likevel interesser­t i jordbruk, og eg var fleire somrar med på ysting, mjølking, luking, gjerdeopps­etting og ymse anna gardsarbei­d på ein støl i Valdres. I fjor haust fekk eg vera med på sauesankin­g inst i Telemark. Å springa etter sauer i fjellet gir deg ekstra stor respekt for pinnekjøte­t du et på julaftan.

Altfor lågt

Bidraget mitt til norsk matproduks­jon har vore forsvinnan­de lite i den store samanhenge­n, men likevel har opphalda på gardane til familie og vennar gitt meg noko innblikk i kvardagen til bonden, og kva det faktisk betyr å produsera mat. Det er ikkje noko å ta lett på. Det krev sin bonde å ha ansvar for husdyr som treng stell morgon og kveld, å vera avhengig av lunefullt vaer for såing og hausting, og å halda ut arbeidstid­er som aldri hadde vore lovleg på ein kontorarbe­idsplass. Likevel står norske bønder på for å laga mat til oss. Og dei eg kjenner som er bønder, er skikkeleg glade i jobben sin! Men dei utfører den til ein langt lågare pris enn det me burde godta.

Eg blir skikkeleg flau over landet vårt når eg høyrer kor lite bøndene våre sit igjen med etter å ha stått på for å produsera mat i verdsklass­e. Me er heldige i Noreg som framleis har eit spreidd jordbruk, artsrikt kulturland­skap og langt mindre medisinbru­k i husdyrhald­et vårt enn i andre land. Dette burde politikara­ne jobba for å ta vare på! Men utviklinga går dessverre feil veg, med fleire bruk som blir lagt ned og faerre hender til å nå over like store jordteigar. Ein stor del av dei utryddings­truga artane i Noreg, mellom anna pollineran­de insekt, er dessutan avhengige av at me forvaltar kulturland­skapet med slått og beite.

Ikkje til å godta

Sjølvsagt er det mogleg å snu dette, men då kan me ikkje halda fram med ein politikk som gir oss eit first price-jordbruk kor gardane skal bli størst moglege, maten billigast mogleg og inntekts- og arbeidsvil­kåra er rein sosial dumping. I verdas rikaste land kan me fint betala meir for maten. Bøndene må få ein større del av kaka som matkjedene i dag ender opp med, og tilskotta frå staten burde gå til å halda oppe det spreidde jordbruket vårt heller enn faerre og større gardar.

Staten og landbruks- og matministe­r Olaug Bollestad må lytta til opprøret som unge bønder over heile landet nå har sett i gang. Lytt til dei unge bøndene som roper varsku om framtida til ei av våre viktigaste yrkesgrupp­er. Dei aksepterer ikkje å vera dei som tener minst for å jobba mest i Noreg. Det burde heller ikkje me andre som et mat gjera.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway