– Ein historisk viktig dag når karbonfangst får statlege milliardar
STATSBUDSJETTET: Frp gjekk med på milliardstøtte til karbonfangst. Bellonaleiaren jublar, men håper staten vil gå endå lenger.
I forslaget til statsbudsjett hadde regjeringa lagt inn 2,3 milliardar kroner til prosjektet Langskip. Framstegspartiet gjekk inn i forhandlingane med regjeringa med eit vedtak i stortingsgruppa om å seia nei til prosjektet.
No er forhandlingane fullførte, og Langskip-milliardane fekk bli ståande i budsjettet.
– Om du skal trekka fram éi enkeltsak som har vore viktig for Venstre, så er det nok satsinga på CO2-fangst og lagring. Det er den satsinga som vil gje dei største kutta i klimagassutslepp, seier Venstre-leiar Guri Melby til NTB.
Frp-leiar Siv Jensen opplyser til NTB at det ligg veldig stramme merknadar inne for å få betre kostnadskontroll, og ho meiner at skattebetalarane ikkje skal sitja igjen med rekninga. Partiet ønsker også mekanismar som gjer at private eigarar ikkje «stikker av med overskotet» dersom prosjektet blir ein suksess.
Forus vil følgja etter Frederic Hauge, leiar i miljøstiftinga Bellona, kallar Langskip for det viktigaste klimaprosjektet i Europa så langt i dette tiåret. Han meiner Norge bør «peisa på vidare og få på plass minst ti fangstanlegg innan 2030».
– Dette er det ein historisk viktig dag, seier Hauge til NTB.
Aftenbladet/E24 har tidlegare besøkt Forus Energigjenvinning. Her håper hovudeigarane IVAR og Lyse at det skal vera mogleg å få utsleppa ned med karbonfangst. Anlegget er det største punktutsleppet i regionen med rundt 100.000 tonn utslepp i året.
Eigarane har kome fram til at dette er praktisk mogleg, men at det vil bli dyrt. Ein føresetnad er at prosjektet Langskip blir realisert, slik at det finst ein stad å lagra karbondioksidet frå anlegget. Aktørane på Forus vil ikkje vera det fyrste avfallsanlegget i landet som gjennomfører karbonfangst, for energigjenvinningsanlegget Fortum Oslo Varme på Klemetsrud er allereie ein del av Langskip. Men Forus Energigjenvinning vil gjerne vera ein rask nummer to.
– Karbonfangst blir lønsamt – Me har vore opptekne av å få på plass Klemetsrud. Det har internasjonale eigarar og stor signaleffekt, seier Frederic Hauge til Aftenbladet/E24.
Han synest initiativet frå Lyse og IVAR er positivt.
– Det er eitt av fleire avfallsanlegg der me no ser at det kjem planar om CCS (karbonfangst og lagring, red. merk.) Det er veldig bra at fleire ser moglegheitene.
Hauge trur at staten dei neste ti åra kan gjera denne industrien konkurransedyktig ved blant anna større CO -avgift.