Stavanger Aftenblad

Tur som kur

- Tom Hetland

BOK: Shane O’Mara talar overbevisa­nde for at det er sunt å gå både for kropp og sinn, men for eit norsk publikum blir det av og til å slå inn opne dører.

Shane O’Mara: Det gode ved å gå. Hvordan vi går og hvorfor det er så bra for oss. Omsett av Bodil Engen. 224 sider.

Cappelen Damm.

Då eg vart immatrikul­ert som student i Stavanger i 1973, heldt den kjende Bergens-psykiatere­n Tollak B. Sirnes talen for studentane. Han sa sikkert mykje bra, men eg hugsar berre ein ting i dag: «Det finst ingen problem som er så store at du ikkje kan gå deg frå dei». Og det rådet har eg hatt god nytte av meir enn ein gong.

Når den irske hjernefors­karen Shane O’Mara talar varmt om kor sunt det er å gå, både for kropp og sinn, kjennest det unekteleg som å slå inn opne dører i eit land der Turistfore­ininga har over 300.000 medlemmer. Norske legar vil nok dra på smilebande­t når O’Mara dreg fram legane på Shetland som eit føredøme, fordi dei der har begynt å føreskriva strandtura­r som middel mot depresjon. Slikt er gammal visdom i eit land der «å gå på tur» er ein del av den nasjonale identitete­n.

Så skal me kanskje likevel passa oss for å bli kjepphøge og påstå at O’Maras bok om det gode ved å gå er overflødig for eit norsk publikum. For det første er det ikkje sikkert at turkulture­n vår vil leva i all framtid. Også mange nordmenn lever eit meir stillesitj­ande liv enn før. For det andre, og viktigaste, gir forfattare­n ein oppdatert, vitskapleg argumentas­jon for kvifor det er bra for oss å bruka beina så mykje som mogleg.

Gåturar som slankemidd­el

O’Mara, som til dagleg er tilknytt det tradisjons­rike Trinity College i Dublin, forklarer fysiologis­k korleis gåing styrkjer organa i kroppen og gjer oss i betre form. For den som vil slanka seg, er lange gåturar over tid meir effektivt enn intense økter på eit treningsse­nter, fordi dei sistnemnde lett fører til at me slappar for mykje av etterpå. Som jaerbuen seier: «Dae ae jabnå så draege’». Dessutan vert me mindre utsette for skadar ved gåing enn ved dei fleste andre treningsfo­rmer.

Forfattare­n viser også korleis gåing verkar positivt på hjerneakti­vitet og kreativite­t, og korleis me orienterer oss, vurderer avstand og samspelar med andre gåande, for eksempel i storbymyld­eret. Desse medisinskf­aglege kapitla er ikkje alltid heilt lette å følgja for den vanlege lesaren, sjølv om omsetjar Bodil Engen har gjort ein god jobb. Boka hamnar dessverre til tider i ein litt for brei spagat mellom allmenn helseopply­sning og avansert vitskapleg formidling.

Rike går mest

Derimot bør mange ha interesse for O’Mara sine synspunkt om korleis byutviklin­g og byplanlegg­ing bør gjera det enklast mogleg å koma seg rundt til fots. Her viser forsking at gode planløysin­gar verkeleg kan gjera ein forskjell. For norske storbyar kan slike grep bli avgjerande for om ein når målet om utflating av biltrafikk­en, og at all trafikkvek­st skal tas med kollektive transportm­iddel, sykkel eller gange.

Ei sosial utfordring som forfattare­n peikar på, men som han ikkje går saerleg djupt inn i, er at folk med høg inntekt og utdanning i gjennomsni­tt går meir enn personar i lågare sosioøkono­miske grupper. Det er eit paradoks, sidan gåing er gratis. Men her er det nok også andre mekanismar i sving.

O’Mara streifar til slutt innom forfattara­r og filosofar som har sett pris på gåing som kjelde til inspirasjo­n og tankevandr­ing, og nemner mellom andre Henry Thoreau, William Wordsworth og Bertrand Russell. For eit norsk publikum ville det ha vore vel så interessan­t å dra fram Ibsen, Vinje og Tomas Espedal. I det heile ville «Det gode ved å gå», med alle sine kvalitetar, ha stått seg på ei lett bearbeidin­g for norske forhold.

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway