Stavanger Aftenblad

Havvind er framtida – landbasert vindkraft er på veg ut

- Fylkeslist­etopp og leiar for Dei Grøne Rogaland

ENERGI: Vindkraft skjemmer og trugar naturen i for stor grad. Fylkesdelp­lanen for vindkraft er 12 år gammal og må oppdateras­t.

Alexander Rügert-Raustein

Tysdag 5. mars har Stavanger Turistfore­ning eit arrangemen­t på Mostun natursente­r om naturøydel­eggingar relatert til massiv utbygging av vindkraft på land. Det kjem tydeleg fram at Den Norske Turistfore­ning (DNT) har den oppfatning­a at dette går for langt, og at kostnaden med skjemt natur, trusselen mot dyrelivet og tapt rekreasjon­sverdi er blitt altfor stor. Dette er Dei Grøne einige i.

Sørover i Europa blir vindmøller bygde der infrastruk­turen allereie er på plass, dvs. i kulturland­skap. Det kan fortsatt tenkjast at dette vil vere aktuelt her til lands, men ikkje i urørt natur.

Vi har gått for langt

Dei Grøne Rogaland meiner at framtida til vindkraft ligg til havs. Med den rivande utviklinga som kan ventast der, og i lys av behovet for å ta vare på urørt natur, er truleg landbasert vindkraft på veg ut.

Allereie i 2016, da Fosen-utbygginga vart vedteken, sa Dei Grøne tydeleg at me har gått for langt når det gjeld utbygginga på land. Andre interesser, som samane si reindrift, uforstyrra natur og moglegheit­a til å oppleve den, er verdiar som ikkje målast i kroner, men er verde meir enn avkastning­a frå disse prosjekt.

Dette er eit dilemma, for Dei Grøne kjemper for eit fossilfrit­t samfunn. Da er me også nøyde til å erstatte dei fossile energikjel­dene med fornybare. Me har difor vore ein pådrivar for vindkraftp­rosjekt lenge, både på land og til havs.

Samstundes må me skape nye arbeidspla­ssar som erstattar dei som vil forsvinne i oljebransj­en. Elektrifis­ering av bilparken vil krevje auka kraftprodu­ksjon, og Avinor jobbar på spreng for å elektrifis­ere innlandsfl­y. I kraftbehov­et dette generer ligg eit utviklings­potensial som ikkje blir brukt i tilstrekke­leg grad for å få gang på det grøne skiftet.

Oppdater fylkesdelp­lanen!

Me kravde allereie to år tilbake ei heilskaple­g energimeld­ing for unngå konflikt for kvar utbygging. Som vårt regionale bidrag vil dei Grøne i Rogaland rullere fylkesdelp­lanen for vindkraft fortast mogleg i perioden som kjem. Den er 12 år gammal og utdatert. Rogaland skal også etter det grøne skiftet vere landets fremste energiregi­on. Da er me nøydde til å handle rask.

Potensiale­t til havs er enormt. Det skal nyttast godt. Her må me bruke våre kompetanse­fortrinn innan offshore teknologiu­tvikling for å skaffe arbeidspla­ssar både nasjonalt og internasjo­nalt. Også Noreg sjølv vil ha behov for straum frå solceller og vindmøller for å dekke sitt behov.

Dei Grøne vil ta vare på naturen. Me er audmjuke overfor ny kunnskap. Landbasert vindkraftu­tbygging har gått for langt. Difor satsar me på vindkraft til havs.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway