Rocka «Haugtussa»
TEATER: Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig leverer kul, sårbar, mørk og rocka versjon av Arne Garborgs «Haugtussa».
Haugtussa: Rogaland Teater, Teaterhallen. Haugtussa av Arne Garborg. Med: Ane Dahl Torp og Sjur Miljeteig. Manus: Ane Dahl Torp. Musikk: Sjur Miljeteig. Regissørar: Ane Dahl Torp og Erik Ulfsby. Gjestespel
16.-24. november.
For oss som ikkje bur i Oslo og er stamgjester på Det Norske Teatret kan det vera lett å «bare» tenkja på Ane Dahl Torp som ei av Norges fremste skodespelarar på film og i tv-seriar. Men då er det moro å oppleva henne i levande live som skodespelar på ei teaterscene, når ho nå gjestar Rogaland Teater med hjartebarnet sitt.
Då Dahl Torp og musikarektemannen Sjur Miljeteig laga sin versjon av Arne Garborgs «Haugtussa» heime på kammerset, var planen at framsyninga skulle visast fem gonger på Scene 3 på Det Norske Teatret. Nå har det gått fem år sidan premieren – og dei spelar stykket ennå, både i Oslo og rundt om i landet, for fulle hus. Sånn kan det gå, når du både treff kritikarar og publikum.
Enkelt og nedpå
Dahl Torp og Miljeteig kjem ruslande inn på scenen, som har fått spent ein stor kvit duk over seg, som eit stort, halvt telt. Begge er kledde i svarte, rocka klede, han tek plass bak eit bord med datamaskin og dippeduttar. Ho plukkar fram små plastdyr frå ei kasse ho har med seg, introduserer kua, sauen – og ektemannen. Ho plasserer dyra rundt på små krakkar og bord på scenen, mens ho tek fatt på Garborgs diktsyklus. Slik skapar ho effektivt eit imaginaert, jaersk heilandskap på den svarte, enkle scenen. Det tek litt tid å kjøpa illusjonen, men så fungerer dei små miniatyrane av folk og dyr pussig godt.
Dahl Torp har klypt og limt i Garborgs tekst, og avsluttar til dømes med diktet Garborg opnar diktsyklusen med. Ho er ganske så tru mot Garborgs språk og ord, men for ein jaerbu som kjem frå same kommune som Garborg vil det alltid høyrast litt annleis ut med «Det Norske Teatretnynorsk», med sine rulle-rar og tjukke l-ar. Det er på ingen måte jaersk eller vestnorsk, sjølv om det er nynorsk.
Drivande dyktige
Dahl Torp er rett og slett drivande god. Eigentleg framfører ho jo bare eit stort diktverk. Men ho bruker heile scenen, heile stemmeregisteret, mikrofoneffektar som verkeleg får Haugkallen til å høyrast ut som ein skummel, underjordisk type. Og så viser ho fram alle Veslemøys kjensler i mogninga frå ung til vaksen, i forelsking og kjaerleikssorg, i kontakten hennar med døde, underverd og villskap. Dermed er det ikkje bare resitering eller forteljing, men også teater. Aller best likte eg dei mørke, nesten horroraktige partia. Tidvis sat eg der og fekk gåsehud.
Det skuldast ikkje minst Miljeteig, som sit der bak i kroken sin og styrer kanontøff musikk på maskinane sine, samtidig som han spelar trompet live. (Ja til levande musikarar på teaterscener!) Miljeteig kjem frå jazzen, men mykje av lydsporet til «Haugtussa» er rocka som bare det. Midt inni der ein stad framfører Dahl Torp Garborg naermast som rap. Daeven, som det svingte!
Lyssettinga, fargane og bruken av skuggar mot teltduken gjer at dette også fungerer visuelt. Det som startar ganske enkelt og nakent, bygger seg opp til eit mektig crescendo.
Det er flott å sjå to så dyktige utøvarar gå på scenen og levera noko så bra, noko så høgstemt, men samtidig vera så ujålete og nedpå.