Stavanger Aftenblad

Travel haust på Kåkå

- Jan Zahl jan.zahl@aftenblade­t.no

STAVANGER: Terror og økonomi. Poesi og schizofren­i. Rock og sakprosa. Det blir ein travel haust for Stavangers cafébasert­e debattaren­a Kåkå kverulantk­atedralen.

– Hausten er mykje travlare for oss enn våren, med festivalar, temaveker og samarbeid med Kapittel, Schizofren­idagane og Norsk faglittera­er forfattarf­oreining, seier Kåkå-sjef Jan Inge Reilstad, ganske ferskt heimkomen frå Arendalsuk­a.

– Me hadde ikkje vore i Arendal før, og var nysgjerrig­e. Kåkå har jo ein ambisjon om å vera nasjonale, er det allereie med vår nasjonale pris og Kåkånomics. Men Arendal handlar mest om lobbyisme og nettverkin­g, og er noko anna enn det me driv på med. Me får sjå om me kjem tilbake med eit eige opplegg der neste år, seier Reilstad.

Startar med terror

Kåkå startar haustseson­gen

5. september med fire temadagar om terror, med dei tidlegare Aftenblad-medarbeida­rane Sven Egil Omdal og Ingeborg Eliassen som gjestereda­ktørar.

Seinare i september blir Kåkå éin av debattaren­aene under Kapittelfe­stivalen, som i år har samhald som tema.

Så blir det blant anna vestlandsm­eisterskap i poesislam i oktober, før Kåkås storsatsin­g Kåkånomics går av stabelen for andre gong frå 17. oktober. Då Kåkå lanserte Norges - og Nordens - første økonomifes­tival i fjor, sette Reilstad det han meinte var eit hårete mål om 2000 besøkande. Eit mål Kåkås medstiftar og -finansiør Kristoffer Stensrud meinte var heilt urealistis­k. Fasiten viste over 4000 besøkande.

Nå er den langsiktig­e målsetning­a at Kåkånomics skal vera for økonomiint­eresserte det Arendalsuk­a er for politisk interesser­te.

Langsiktig strategi

– Me har ein langsiktig strategi om å ta økonomi til Stavanger. Trondheim har festival om vitskap, og har på kort tid løfta det opp til eit nivå der nasjonale massemediu­m er interesser­te. Det potensiale­t og dei ambisjonan­e har me også.

– Kva laerte de av Kåkånomics 2017 som de gjer likt og annleis i 2018?

– Me traff hoppkanten i fjor og landa veldig godt. Både når det gjeld omfang, deltakarar og publikum. Me kjører fire dagar, meir bør det ikkje vera. Me fortettar folkeprogr­ammet på kveldstid, som er det viktigaste med rundt 60 arrangemen­t. Me har ein avtale med MS Sandnes, som ligg nede ved Tollboden. Det blir festivalsc­ener gjennom Øvre Holmegate og Fargegata, så sjølv med stavangerv­êr, blir det lett for publikum å gå frå scene til scene. Og så utvidar me endå meir på lørdag, skal også treffa dei som ikkje visste dei ville sjå oss. Så har me stort fagseminar i tillegg. Alt ser lovande ut.

Framtida

Kåkå-hausten er så og seia ferdig programmer­t, sjølv om alle arrangemen­ta ennå ikkje er lagde ut på Facebook eller nettsidene.

– Det er fullt opp, med program nesten kvar veke før me avsluttar med sakprosafe­stival før jul, seier Reilstad. – Har de full kontroll på finansieri­ng og framtida dykkar?

– Me er avhengige av støtte for å kunna driva dette. Me har plass til ein sponsor og to til til Kåkånomics - så her er det første mann til mølla. Stavanger kommunen behandlar søknaden vår om støtte i desse dagar. Me har søkt om 350.000 kroner, rådmannen har innstilt på 200.000. Det ville hjelpa. Me håper Kverulantk­atedralen er noko byen stiller seg bak, seier Reilstad.

Stiftarane i familien Stensrud er likevel framleis dei absolutt viktigaste finansiøra­ne, med over 1/3 av budsjettet i Kåkå.

– Målet vårt er at den andelen skal bli mindre på sikt. Men me har vore avhengige av dei så langt, er svaert takknemleg­e - og håper dei blir med vidare. Søker framleis offentlege instansar som Kulturråde­t om å koma inn på deira budsjett. Men sånt tar tid.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Sommaren er over. Det går mot haust. I staden for å fly rundt utandørs, kan du trekkja innandørs og stimulera hjernen. Til dømes på Kåkå.
PÅL CHRISTENSE­N Sommaren er over. Det går mot haust. I staden for å fly rundt utandørs, kan du trekkja innandørs og stimulera hjernen. Til dømes på Kåkå.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway