Stavanger Aftenblad

Fattigdoms­lykke?

- Solveig G. Sandelson Debattreda­ktør

KOMMENTAR: Ein kan sikkert vera lykkeleg sjølv om ein er fattig. Men ein blir ikkje lykkeleg av å vera fattig.

Det er barnebokfo­rfattaren Martin Nygaard som har lansert ordet fattigdoms­lykke. Det begynte med ein artikkel han skreiv i Harvest.no og tok heilt av då Aftenposte­n sist veke intervjua han om denne lykka. Han har fått mye tyn.

Forskjella­ne

Vi veit at forskjella­ne mellom folk i Norge blir større og større, og fleire og fleire blir fattige. Fattig blir du - statistisk - rekna som viss familien har 250 000 eller mindre å rutta med i året. 10 prosent av oss hamnar under den grensa, fem prosent har så lite pengar at dei har store problem med å få endane til å møtast. Statistisk Sentralbyr­å (SSB) ser også på ting som at ein ikkje har råd til å eiga eigen bustad, ikkje har bil av økonomiske grunnar, ikkje har råd til ei vekes ferie i året (nei, ikkje i utlandet, bare utanfor heimen, for eksempel hos venner), ikkje råd til fritidsakt­ivitetar, ikkje råd til tannlege eller internett, til å halda bustaden passe varm, eller til å ha kjøt og fisk til middag annakvar dag.

Det høyres ikkje akkurat ut som kvardagsly­kke. Så er Nygaards definisjon annleis. Han meiner ein er fattig når ein har mindre pengar enn ein ønskjer seg. Og viss du skal vera lykkeleg som fattig, må du lika å leva spartansk, vera praktisk, finna glede i å fiksa ting sjølv, og helst ha ei velutstyrt bod eller ein ditto kjellar. Sjølv eig Nygaard og kona bustaden sin på Oslos vestkant, og ei hytte på Onsøy. Likningsfo­rmuen hans er på over 9 millionar.

Nygaard veit ikkje kva jorde han er på. For sjølv om inntekta hans ligg på rundt

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway