Mangfald i arbeidserfaring og utdanning fører oftare til nyskaping
KRONIKK: I omstillingstider få mange seg arbeid som ikkje er midt i blinken for utdanning og tidlegare praksis. Nettopp det kan vere bra for verksemdene dei kjem til.
I ein ny studie finn vi at ulik erfaring fører til søknadar for nye innovasjonar, nye patent. Dette gir grobotn for vidare diskusjonar om korleis vi kan tenkje nytt med tanke på kva kompetanse vi treng vidare, samt korleis vi kan på best mogeleg måte utnytte den allereie eksisterande kompetansen som vi har. Dette behovet vert saerleg presserande i ei tid med auka grad av automatisering og digitalisering av arbeidsmarknaden.
Omstilling og regionale strukturar
På nasjonalt nivå, og saerleg i Stavanger-regionen, har ein som følgje av nedgang i oljeprisen vore inne i ei tid med sterk omstilling og utskifting. Mange arbeidstakarar har måtta sjå seg om etter nye arbeidsplassar. Mange av desse arbeidstakarane har ein anna type kompetanse eller har arbeidserfaring frå andre industriar enn dit dei no må søke seg mot. Det kan føre med seg nokre utfordringar, samstundes som at det kan opne opp for nye moglegheiter.
Dette fordrar at ein klarer å oversetje den kompetansen arbeidstakarane har med seg, og at ein er open for at erfaring frå eit område kan vere nyttig i innovasjonsarbeidet i andre type industriar.
I forskingslitteraturen ser ein gjerne at regional industri-samansetnad utviklar ei sti-avhengigheit, det vil seie at industriell utvikling byggjer på evnene og kompetansen som allereie eksisterer i ein region. Med andre ord ser ein at regionar har ein tendens til å bevege seg inn i industriar som er teknologisk kopla til den industrien som regionen allereie har. Dette kan føre til at ein vert best i klassen fordi at ein fokuserer på liknande industriar, men det kan òg verke slik at ein kan bli låst i vante mønster og ikkje evnar å ta til seg kunnskap frå andre domene − og dermed kan gå tapande ut. Desse omkringliggjande industri-strukturane påverkar erfaringsmangfaldet ein kan ha i ei verksemd.
Når ein miksar ulike bakgrunnar
Derfor er det på sin plass å stille spørsmål: Påverkar ein heterogen arbeidsstokk innovasjonsevna ulikt enn ein meir homogen arbeidsstokk?
For å kunne undersøke dette, såg professor Sverre J. Herstad og eg på menneske si utdannings- og erfaringsbakgrunn i høve til ulike mål på innovasjon. Forenkla sagt vart tilsette delte inn i om dei hadde liknande eller forskjellege erfarings- og utdanningsbakgrunnar. Døme på liknande erfaring er om dei har arbeidd innanfor liknande industriområde. Til saman undersøkte vi rett under 3000 norske føretak. Dette datamaterialet baserer seg på registerdata frå Statistisk sentralbyrå som er kopla med ei omfattande innovasjonsundersøking (CIS).
Internasjonal forsking vel ofte å fokusere på det vi kallar for primaer-mangfald, som er ting vi ikkje kan endre, som til dømes kvar vi er fødde. Denne forskinga har i mindre grad fokusert på sekundaer-mangfald, som er element vi kan endre, som arbeidserfaring og utdanning. Internasjonal forsking har også fokusert på mangfald i delar av organisasjonen, med eit saerleg fokus på topp-leiinga, men utan å ta høgde for at innovasjon førekjem i alle delar av ein organisasjon. Dette motiverte oss til å forske på sekundaer-mangfald for alle tilsette i føretaket, samstundes som vi studerer dette på tvers av alle regionar og industriar i privat sektor i Noreg.
I denne studien finn vi ein positiv samanheng mellom menneske som hadde forskjellige utdannings- og erfaringsbakgrunnar (til kvarandre) og føretaka si patentering, altså søknadar om patent på noko som er nytt.
Vi fann òg ein positiv samanheng mellom menneske som hadde liknande erfaringsbakgrunnar (til kvarandre) og produkt og prosess-innovasjonar. Kan det vere fordi tilsette med liknande industrierfaringar arbeider godt saman fordi dei har kunnskap om liknande arbeidsmetodikkar, rutinar og forståingsrammer, noko som kan føre til nye innovasjonar, men at desse ikkje nødvendigvis er revolusjonerande nye?
Det kan då tenkast at når desse som kjem inn med forskjellege arbeidsrutinar og erfaring frå andre industriar, utfordrar desse allereie etablerte mønstra, så fører det til nye idear og søknadar om nye patent?
Den rette rekrutteringa
Innovasjon er ein sosial prosess, der menneske med ulik kompetanse møtast med det formål at dei skal løyse noko. Derfor er det også viktig å legge vekt på at desse ulikskapane, i til dømes erfaringsbakgrunn slik som synt her, kan vere viktige byggesteinar inn i å skape nyskaping. Dette fordrar at ein tenkjer nytt i høve til rekruttering, ved å tore å rekruttere menneske med ulik erfaringskompetanse, og at ein fokuserer på omsetje ulikskapen for på best mogeleg måte gjere seg nytte av den. På den måten kan erfaringsmangfald medverke til eit auka konkurransefortrinn.