Stavanger Aftenblad

Jofrid Wiik er død

- Marit Rein Time

Jofrid Wiik, tidligare amanuensis ved Menighetsf­akultetet, sovna stilt inn 12.mai, 83 år gammal. Lungesjukd­omen, som ho hadde slite med heile livet, hadde teke ei brå vending. Det vart eit sterkt og vakkert farvel 18. mai i Naerbø gamle kyrkje.

Jofrid, f. Bjorland, vart født 7. desember 1934, vaks opp på Naerbø, men budde mange stader i landet i sitt vaksne liv. I 2003 flytta ho og ektemannen, Rune, tilbake til Naerbø. Her fekk dei nokre gode år, før hjerneslag og sjukdom reduserte henne sterkt.

På gymnaset fekk Jofrid kallet til å studere teologi. Ho tenkte då ikkje på ei prestegjer­ning, men heller ei spesiell teneste for kvinner i kyrkja. Cand. theol. frå MF i 1963. Det vart saerleg innan skuleverke­t ho fekk sitt arbeid; – ved ulike laerarskul­ar, Misjonssko­len for kvinner og Indremisjo­nens Bibelsemin­ar, Oslo. I 1975 kom ho til MF og var der til ho gjekk av i 1995 av helsemessi­ge årsaker.

Jofrid var ein glimrande førelesar – med eineståand­e evne og klårsyn i og formidling av bibelstoff­et. Fagområde var GT og Metodikk. Etter kvart utvikla det seg meir i retning av sjelesorg og åndeleg veileiing. Ryktet om Jofrid spreidde seg på MF. Eit hav av studentar søkte råd, veileiing, trøyst og sjelesorg. Ho opna også heimen sin for samtalar.

Kva var det med denne stillfaran­de jaerbuen med strålande auge? Kjaerleike­n til Jesus og bibelstoff­et skein igjennom! Ho elska kontakten med studentane og diskusjona­ne. Rik kunnskap og kjennskap til Gud vart frambore, ekte, trygt, frå eit audmjukt hjarte. Sterk ansvarskje­nsle, pliktoppfy­llande, arbeidssam, stilte alltid godt førebudd; – alt dette blanda med sunt jaersk bondevit – kommuniser­te godt.

Jofrid levde og anda for å spreie evangeliet – aldri påtrengand­e, men i stor kjaerleik og omtanke. Hennar fokus var den vilkårslau­se nåden i Jesus, og det å skjelne, men ikkje skilje mellom Lov og evangelium, tankar om Tru og Liding og kvinners rolle i GT og NT.

Jofrid har set djupe spor etter seg. Ho engasjerte seg i bibelgrupp­er og kyrkjelyda­r overalt der dei budde, var ein etterspurt forkynnar og med i mange råd og utval innan kyrkje og organisasj­onar.

At Jofrid no er borte er eit smerteleg tap – først og fremst for ektemannen Rune, men også slekt, venner og kollegaer vil nok kjenne på sakn – men mest takksemd. Ja, eit tap for norsk kristenliv. For mange var det eit privilegiu­m å få vere under hennar kateter og åndelege veileiing. Ho fekk stor innverknad, - forbildele­g, – trass i all den liding ho sjølv fekk å bere. Vi takkar Gud for Jofrid Wiik frå Naerbø!

 ??  ??

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway