Stavanger Aftenblad

Tilsett hos Arne Viste har fått arbeidsnek­t

- Birgitte Flote birgitte.flote@aftenblade­t.no

STAVANGER/OSLO: Ein av Arne Viste sine tilsette har fått arbeidsnek­t av politiet i Oslo. – Dette er ikkje annleis enn andre saker der innvandrar­ar arbeider utan løyve, seier Oslo-politiet.

Arne Viste er dagleg leiar i bemannings­byrået Plog AS som tilset ureturnerb­are flyktninga­r og leiger dei ut til firmaer over heile landet. Politiet i Stavanger har etterforsk­a verksemda ettersom det er i strid med Utlendings­lova, men valde i august å legge vekk saka. Fredag fekk ein av hans tilsette i Oslo arbeidsnek­t.

Vil ha svar

– Sjølv om saka er avslutta, opplever eg altså at ein tilsett ved eit firma i Oslo har fått arbeidsnek­t.

Personen skal ha jobba for Viste sidan mai og hatt ein månadslønn på rundt 20.000 kroner. Viste reiste i går til Oslo for å få svar frå politiet.

Påtaleansv­arleg Vegard Rødås bekrefter arbeidsnek­ten som blei gitt då politiet hadde ein regelmessi­g kontroll. I første omgang var det berre ei munnleg åtvaring og tydeleg beskjed om at den papirlause flyktninge­n må slutte i jobben. Men dersom dei avdekker det same igjen kan det bli aktuelt å opprette sak.

– For oss er dette ei vanleg sak på lik linje med andre tilfelle der vi oppdagar at folk arbeider utan arbeidsløy­ve. Vi har mange tilfeller med dette. At politiet i Stavanger har lagt vekk ei sak på bevisets stilling, betyr ikkje at det er lovleg. Sjølv om ein ikkje fann nok bevis tidlegare, går vi framleis ut ifrå at denne typen arbeid er ulovleg, seier han.

Stoppar ikkje

Arne Viste har ingen intensjona­r om å stoppe. – Han er framleis i jobben og kjem heller ikkje til å slutte. Politiet treng ikkje kontroller­e dette, det er berre å spørre meg. Eg kjem til å halde fram og problemet med meg blir berre større og større.

Viste jobbar for å få stadig fleire tilsette og har mål om 50 innan året er omme. No har han 25.

– Dette er den tredje saka vi har med arbeidsnek­t. Det har skjedd i Bergen og i Kristiansa­nd. Eg ga beskjed om at dei tilsette ville halde fram i jobben, og så skjer det ingenting. Ingen kjem til å ville ta i denne saka igjen.

Avslutta saka

Utlendings­lova nekter papirlause innvandrar­ar å jobbe, men Viste meiner han har Grunnlova på si side når han likevel gir dei jobb. Sjølv om politiet i Stavanger avslutta saka, var dei tydelege på at det likevel kan vere straffbart.

– At saka blir blir lagt bort på bevisets grunnlag er ikkje det same som å seie at det ikkje er i strid med lova å ha mennesker utan arbeidstil­latelse i arbeid, uttala politiadvo­kat Kristoffer B. Johannesse­n.

Då politiet la bort saka viste dei til bevisets stilling. Dette til trass for at det var Viste som anmeldte seg sjølv til politiet og har lagt fram bevis. Viste har over 20 tilsette som etter Utlendings­lova ikkje kan jobbe. Kvar gong Arne Viste tilset ein ny papirlaus innvandrar, melder han frå til politiet.

 ?? PÅL CHRISTENSE­N ?? Arne Viste drog i går til Oslo for å finne ut kvifor ein av hans tilsette blir nekta å arbeide.
PÅL CHRISTENSE­N Arne Viste drog i går til Oslo for å finne ut kvifor ein av hans tilsette blir nekta å arbeide.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway