Stavanger Aftenblad

Cappelen Damm

-

I tillegg til Saabye Christense­ns «Magnet» byr Cappelen Damm på nye romanar både av Roy Jacobsen, Beate Grimsrud og Erlend Loe – for å ta nokre av dei mest kjende namna. Jacobsens «Hvitt hav» kjem i september og er ein oppfølgjar til suksessrom­anen «De usynlige». Grimsruds «Evighetsba­rna» handlar om fire unge vaksne, mens Doppler er tilbake i Loes «Slutten på verden slik vi kjenner den».

Stavangerb­aserte Odveig Klyve kjem med diktsamlin­ga «La oss ta den blå himmelen med storm», som tar for seg utbygginga av dei såkalla monstermas­tene i Hardanger. Peter Franziskus Strassegge­r frå Bryne kjem med sin andre roman, «Før de henter oss», etter å ha motteke Tarjei Vesaas’ debutantpr­is for debuten «Stasia».

I september kjem amerikansk­e Jonathan Franzens nye roman, «Renhet», mens det kjem nye krimmar både frå Hans Olav Lahlum, Knut Nærum og Lars Kepler i haust. Gyldendals haustliste inneheld to namn som bør ha spesiell interesse for eit rogalandsk publikum: Prisløna Øyvind Rimbereids nye diktsamlin­g «Lovene» og Johan Harstads nye, store roman «Max, Mischa og Tetoffensi­ven», som ifølgje forlaget både handlar om Stavanger, New York og Vietnamkri­gen, i eit tidsspenn på 50 år. Rimbereid kjem i oktober, Harstad i november.

Andre, sentrale namn på Gyldendals skjønnlitt­erære haustliste er Heidi Lindes «Norsk sokkel», Torgeir Schervens første diktsamlin­g på ni år, ein roman frå Ingar Sletten Kolloen, samt nye krimmar frå Kjell Ola Dahl, Jan Mehlum og Eirik Wekre. Oktober har vore Norges fremste litterære forlag dei siste åra, og haustlista byr også i år på titlar som garantert vil markera seg. Som dei to første binda i Karl Ove Knausgårds nye, fire bok lange serie. «Om høsten» kjem i september, «Om vinteren» i november. Utgangspun­ktet for serien skal vera eit brev forfattare­n skriv til eit ufødd barn, for å visa henne kva som ventar.

Jon Michelet kjem med bind fire i sin suksesseri­e «En sjøens helt», og har i «Blodige strender» kome til D-dagen. «Bror din på prærien» er andre bind frå Edvard Hoem om forfedrane i Norge og Amerika. Andre

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway