Northconnect aukar utsleppet av klimagass
Marknadsdirektør Toini Løvseth i Energi Norge hevdar at Skottlandskabelen Northconnect bør bli bygget, fordi den vil redusere utsleppet av klimagass med 2 mill tonn Co2/år.
Det Løvseth ikkje skriv, er at NVE har rekna ut at kabelen samtidig vil føre til ca 7,9 TWH mindre kraft netto eksportert til andre land enn Storbritannia i 2025. NVE har tidlegare hevda at eksportert kraft til Kontinentet vil føre til ca 0,5 kg mindre Co2-utslepp pr kwh, fordi den erstattar kraft produsert på fossilt råstoff. 7,9 TWH kraft til Kontinentet kunne dermed ha redusert utsleppet på Kontinentet med 4 mill tonn CO2. Med andre ord vil kabelen til Skottland føre til 4 – 2 = 2 mill tonn auka utslepp av Co2/år, ikkje 2 mill tonn redusert utslepp, slik Energi Norge hevdar.
Det grunn til å vera skeptisk, både til påstanden om 2 mill tonn redusert utslepp i Storbritannia og til 0,5 kg CO2/ kwh redusert utslepp ved eksport til Kontinentet, då EUS kvotesystem kan føre til at frigjort CO2 utslepp ein stad, blir brukt til å auke utsleppet andre stadar. Men Skottlandskabelen vil uansett føre til auke i utsleppet av klimagass, fordi den i realiteten flyttar kraft frå eit område med høg andel Co2-utslepp i elektrisitet (Kontinentet) til eit område med lågare andel (Storbritannia). Kabelen fører også til høgare elpris, opp mot 3,4 øre/ kwh i følgje NVE, medrekna nettleige. Denne og andre kablar, som fører til auka elpris, aukar risikoen for utflagging av metallproduksjon o.a. frå Noreg til andre land. Å flytte produksjon av silisium etc til Kina, vil føre til enorm auke i utsleppet av klimagass internasjonalt, då utsleppa i Noreg er ein brøkdel av det internasjonale gjennomsnittet. I tillegg vil slik utflagging av industri vera katastrofal for mange lokalsamfunn og Noreg totalt sett. Auka elpris fører også til større press for å byggje ned norske naturområde med vindkraft.
Alt i alt, Skottlandskabelen Northconnect er ei klimaversting som ikkje bør bli bygget.
Jan Haugen og Mads Løkeland-stai Styreleiar og styremedlem i Kabelaksjonen.no
Det grunn til å vera skeptisk.