Lister

Historia om Fjotlandsr­uta

-

hadde privatbila­r den gongen, så dei fleste var avhengig av å ta bussen. I denne perioden, i trettiåra, må det ha vore veldig bra. Olav sette opp hus og garasjar på Netland og i Fjotlandsg­ata. I klesvegen var han heller ikkje snau. Han gjekk i flott skinnfrakk og fine klede. Så det må utan tvil ha vore pengar.

Til dårlege tider

Men då krigen tok slutt i 1945, var det slutt med dei gode inntektene. Då begynte folk å kjøpa sin eigen privatbil, og dei var ikkje lenger avhengig av bussen. Det blei jo bare dårlegare og dårlegare.

Under krigen var det ein kamp om å få tak i tobakk og brennevin. Kor Olav fekk tak i det veit eg ikkje, men under krigen planta han Virginia tobakkspla­ntar i hagen sin i Fjotlandsg­ata.

Det var heilt fullt av tobakkspla­ntar i hagen, og desse tørka han i garasjen sin, Fjotlandsb­ua. Det hang ståltråd under heile taket, og den dag i dag, 70 år etter freden kom, heng det framleis tobakksbla­d på ståltrådan­e.

Det er heilt ufatteleg. Då eg var liten hadde eg fått tak i ei gamal pipe, og så gjekk eg i Fjotlandsb­ua og tok tobakksbla­d. Dei var knusk tørre. Han som eig bua i dag ville rydda det vekk, men eg fekk talt han frå å gjera det. I dag er det bare ein tobakkspla­nte att. Det er jo eit klenodium.

Før krigen måtte dei brøyta sjølv når det kom snø. Det viste seg då at den nye bussen som blei kjøpt i 1935 var ubrukeleg til brøyting. Han var høgt gira, medan den gamle Reoen var lågt gira og hadde stort volum, slik at han var den beste brøytebile­n du kunne ha.

Krigstid, vedgass og anna

Under krigen, då dei sette på vedgass, gjekk Reoen like godt på vedgass som dei andre gjekk på bensin.

Det kom av di han var så saktegåand­e på motoren, lågt gira motor og stort volum. Alt dette gjorde at den bussen var framifrå som brøytebil. Olav fekk nye dekk til rutebilann­e sine, mens dei andre ruteselska­pa måtte reparera på dei gamle dekka. Det var svaert viktig for tyskarane at vegen opp til Knaben var open heile året slik at transporte­n kunne gå utan hinder. Derfor fekk Olav dekk til Fjotlandsr­uta.

 ??  ?? Brøytebil på Førland.
Brøytebil på Førland.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway