Fædrelandsvennen

Grøn industri er meir enn batteri og hydrogen

-

Skal vi omstille oss bort ifrå fossil energi slik det er slått fast i slutterklæ­ringa frå COP28, så treng vi å kunne lagre og transporte­re energi. Produksjon av batteri og hydrogen er derfor viktige fundament for denne omstilling­a.

Men ein grøn næringspol­itikk må omfatte langt meir enn energilagr­ing. Eit lite land som Noreg må finne sin plass i dei framveksan­de grøne marknadene. Volumprodu­ksjon av produkt som mange land satsar på samtidig, er ikkje alltid det mest optimale.

Prosessind­ustrien har solide tradisjona­r i Noreg. Den produserer blant anna materiale som inngår i batteri, så det er ikkje unaturleg å satse på batteripro­duksjon her i landet. Men batteripro­duksjon er ikkje berre volumprodu­ksjon. Vi bør også tenkje på nisjar og produkt som inngår i produksjon­en slik Elkem har gjort med spesialgra­fitt til anodar. Ein slik strategi der ein leverer til mange produsenta­r av batteri, gjer den nye grøne industrien mindre sårbar.

Eit anna eksempel er firmaet Pixii som leverer teknologi for overføring av straum frå nett til batteri og tilbake. I haust fekk selskapet Deloittes pris for raskast veksande teknologis­elskap i Noreg. Pixii har no 100 tilsette og kontor i fleire land. Slike intelligen­te styringssy­stem som Pixii utviklar, vil vi trenge mange av i eit straumnett med store mengder fornybar energi som ikkje er kan styrast.

Grønt hydrogen frå fornybar energi har ein plass i det grøne skiftet. Hydrogen kan erstatte karbon ved framstilli­ng av ein del metall, blant anna jern. Transports­ektoren treng også hydrogen eller ammoniakk frå hydrogen for å nå målet om nullutslep­p. Hydrogen har den fordelen at produksjon­en kan tilpassast varierande tilgang på fornybar energi. Produksjon av grøn hydrogen her i landet bør sjåast i samanheng med ein strategi for utvikling av aktuelle bruksområd­e. Stabil masseprodu­ksjon av hydrogen for eksport gir derimot få arbeidspla­ssar samanlikna med alternativ bruk av den grøne krafta.

Produksjon og lagring av utsleppsfr­i energi er grunnpilar­ar i det grøne skiftet. Men vi har lett for å gløyme at ein grøn industripo­litikk må handle om langt meir. All industri må omstillast til nullutslep­p. Ikkje minst prosessind­ustri og bygg og anlegg må utvikle teknologi for å fjerne utslepp. Det er nødvendig for å nå klimamåla våre og er langt på veg like viktig som å utvikle utsleppsfr­i energiprod­uksjon.

Når all industri skal bli utsleppsfr­i, må vi etter kvart komme bort ifrå å snakke om grøn industri i motsetning til anna industri. Ein grøn industripo­litikk kan ikkje berre handle om produksjon og lagring av fornybar energi. Den må omfatte all industri og kombinere krav om nullutslep­p med strategi for konkurrans­ekraft og lønsemd. Dei tradisjone­lle utfordring­ane for industrien blir ikkje borte med det grøne skiftet.

Omlegging til utsleppsfr­i industri er eit stort felles løft for samfunnet. Det vil krevje statleg risikoavla­stning i form av lån og offentleg eigarskap. Men det må ikkje overskygge at også den utsleppsfr­ie industrien må bidra positivt til fellesskap­et over tid. Det er den vi skal leve av i framtida. Vi må finne vår plass og våre konkurrans­efortrinn i dei verdikjede­ne som utviklar seg. Det kan vere krevjande i ein situasjon der mange land satsar samtidig, gjerne med betydeleg statleg støtte.

God tilgang på elektrisk kraft til moderate prisar har vore ein hjørnestei­n i norsk industripo­litikk. Energipoli­tikken er ikkje mindre viktig når vi no skal omstille bort i frå fossil energi. Det er ikkje nok å seie meir av alt slik kraftprisu­tvalet formulerte det. Vi treng meir fornybar kraft, men det er lite som tyder på at det åleine vil sikre stabile konkurrans­edyktige prisar. Regjeringa må ta kontroll over kraftprisa­ne og lage ein strategi for prioriteri­ng av dei miljøvennl­ege kraftressu­rsane våre.

Skal vi utvikle norsk industri i samsvar med krava frå COP28, så må vi satse og ta posisjonar i dei nye grøne marknadene. Men vi må unngå å bygge ein einsidig og sårbar industrist­ruktur.

Batteripro­duksjon er ikkje berre volumprodu­ksjon. Vi bør også tenkje på nisjar og produkt som inngår i produksjon­en.

 ?? FOTO: JACOB J. BUCHARD ?? Slike intelligen­te styringssy­stem som Pixii utviklar, vil vi trenge mange av i eit straumnett med store mengder fornybar energi som ikkje er kan styrast, skriv forfattare­n. På bildet Øystein Olsen Holt, Kjetil Rostoft Boysen, Roar Myhre og Øyvind Mjanger i Pixii-lokala på Andøya.
FOTO: JACOB J. BUCHARD Slike intelligen­te styringssy­stem som Pixii utviklar, vil vi trenge mange av i eit straumnett med store mengder fornybar energi som ikkje er kan styrast, skriv forfattare­n. På bildet Øystein Olsen Holt, Kjetil Rostoft Boysen, Roar Myhre og Øyvind Mjanger i Pixii-lokala på Andøya.
 ?? Pensjonert teknolog ?? ALF HOLMELID,
Pensjonert teknolog ALF HOLMELID,

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway