Fædrelandsvennen

Nei til delprivati­sering

-

Leiaren i Kristiansa­nd Venstre, Jacob Haugmoen Handegard, kritiserer SV for å gå i mot fusjonen mellom Agder Energi og Glitre. Men det er uklart kva som er kjernen i kritikken.

● Det sentrale poenget i innlegget til Handegård ser ut til å vere at det å bli større i seg sjølv er ein garanti for suksess. Rett nok er det slik at nye regulering­ar prioritere­r store nettselska­p. Men er det slik at energisels­kap automatisk blir meir innovative, meir produktivt og meir miljøvennl­eg jo større dei blir?

Vi bør sjå etter fleire forhold enn storleik når vi skal utvikle eit selskap. Aktiv eigarstyri­ng er blant dei spørsmåla vi bør vere opptatt av. For SV er det viktig at også offentlege eigarar utøver aktivt eigarskap. Med den nye eigarkonst­ellasjonen i det fusjonerte selskapet blir eigarstyri­nga meir kompleks og meir distansert, og vi kan få ei endring i retning av eit meir administra­sjonsstyrt selskap.

Handegard viser til at fusjonen mellom Kristiansa­nd Energiverk, Vest-agder Energiverk og AustAgder Energiverk for tjue år sidan var ein suksess. Den fusjonen støtta SV på bakgrunn av at det nye selskapet skulle vere heileigd av kommunane. Men det Handegard ikkje skriv noko om, er at Kristiansa­nd kommune braut med denne eigarstrat­egien og selde ein stor del av aksjane sine like etter fusjonen. Mot SV sine stemmer blei det gjennomfør­t eit nedsal som har kosta kommunen dyrt, og som mange har angra på.

I dag er Agder Energi heileigd av det offentlege, men lova opnar for at ein tredel av aksjane kan vere på private hender. I følgje orienterin­ga frå professor Roy Mersland så vil fusjonen føre til at det kan bli lettare å omsetje B-aksjar som kan seljast til private. SV meiner at all storskala fornybar energiprod­uksjon bør vere i offentleg eige, og vi er derfor i mot å legge til rette for delprivati­sering.

Vi går no inn i ein periode der det offentlege vil få ei sentral rolle i grøn naeringsut­vikling. Då er det viktig å ha ein brei diskusjon om korleis vi skal forvalte offentleg eigarskap. Fusjon og sentralise­ring er ikkje automatisk ei oppskrift på suksess.

ALF HOLMELID, vararepres­entant til bystyret i Kristiansa­nd

 ?? FOTO: RUNE ØIDNE REINERTSEN ??
FOTO: RUNE ØIDNE REINERTSEN

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway