Fædrelandsvennen

Bønder, butikkar og staten

- LEIV TORSTVEIT

Bøndene får i dag ca fem kroner for ein liter mjølk. I butikken kostar den same mjølka ca 17 kroner. Prisen bøndene får, fem kroner, har stått stille sia 2005.

● Prisane på kjøt har anten gått ned eller stått stille i den same tida. Dei som sel bøndene sine produkt, hovudtyngd­a står Reitangrup­pa, Norgesgrup­pen og Coop for, har auka inntektene sine i milliardkl­assen. Formua til eigarane av Reitangrup­pa og Norgesgrup­pen har auka med tital milliardar innafor dette tidsrommet. Familiane er nå nummer to og tre på lista over dei rikaste i Noreg. Det siste året steig formua eigarane til kvar av kjedane med to milliardar kroner. Altså med halvparten av det kravet bøndene har til Staten. Nokre få personar er blitt svaert rike av å selje matvarer. Er det rett?

Å dyrke, produsere mat i Noreg, henga saman med krisebered­skap. Landet må ha mat nok til alle som bur her. Staten er bøndene sin motpart i forhandlin­gane om jordbruket. Men dei som tener mest pengar på jordbruksp­rodukter, Rema, Meny og Coop, harogså eit ansvar for at me har matproduks­jon i Noreg. Og då må dei betale bøndene meir for produkta deira. Kort sagt ha eit mindre overskot for sal av matvarer. I desse koronatide­ne har desse kjedane tent ekstra med pengar. Svenske og danskehand­elen er stogga. Får bøndene del i desse pengane? Nei! Er krisebered­skapen i Noreg knytt til at milliardfo­rmua to- tre familiar heile tida veks? Bøndene, butikkeiga­rane og Staten må tenkje nytt i Noreg. Alle har me eit ansvar for det det blir produsert mat i Noreg. Bøndene må få ti kroner for ein liter mjølk.

 ?? FOTO: ROAR GREIPSLAND ??
FOTO: ROAR GREIPSLAND

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway