Fædrelandsvennen

NHO nyskriv historia om Norge og EU/EØS

- PAUL MAGNUS GAMLEMSHAU­G, leiar i Agder SV sitt Eu-/eøs-utval

Regiondire­ktør i NHO Agder, Siri Mathiesen, gir NHO sin versjon av historia om Norge og EU/EØS for å forsvare at Norge skal vere underlagt Eøs-avtalen. Det som ikkje passar inn i NHO si historiesk­riving er utelatt, og noko er direkte feil.

Fleirtalet sa nei til norsk Eu-medlemskap i 1994 trass i at NHO sin forgjengar – NAF (Norsk Arbeidsgiv­erforening) – påsto at «100.000 arbeidspla­sser ville gå tapt om Norge sa nei til EU». NAF laga oversikt over kor mange arbeidspla­ssar som ville gå tapt i kvar storbedrif­t landet rundt.

NAF (NHO) påsto den gongen at rentene ville gå opp, at investerin­gane ville tørke inn og at arbeidsløy­sa vil auke. Ingenting stemte. Rentene gjekk ned, investerin­gane gjekk opp og arbeidsløy­sa gjekk ned.

NHO håper vi har gløymd korleis arbeidsgje­varsida feilinform­erte før 1994, når dei no påstår at EØS er det einaste som kan redde oss. Men kvifor skal vi tru skremselsp­ropagandae­n frå NHO denne gangen?

Korleis har norsk eksport til EU utvikla seg sidan Eøs-avtalen kom? Statistisk Sentralbyr­å (SSB) har laga statistikk på fakta om dette. Dei samanlikna­r utviklinga av norsk eksport til dei 12 landa som var medlem i 1994 og som framleis er medlem i EU. Desse fakta passar dårleg i NHO si historiesk­riving. For medan den delen av norsk fastlandse­ksport som gjekk til desse 12 EUlanda var 55,1 % i 1988 og var vakse til 58,2 % i 1993 (rett før Eøs-avtalen), så har delen av norsk fastlandse­ksport til dei same 12 Eu-landa falle jamnt, til 51,2 % i 2000 og 44,9 % i 2016.

NHO sitt tal 80 % er ulikt SSB sine tal fordi NHO har med eksporten til alle nye Eu-land etter 1994 pluss olje og gass, som ikkje er med i SSB sine tal. Olje og gass betyr mest i differanse­n mellom SSB og NHO sine tal. Men trur NHO at EU ikkje vil kjøpe norsk olje og gass dersom vi ikkje er underlagt Eøsavtalen?

Har EØS sikra at Norge ikkje har blitt ramma av antidumpin­gtiltak frå EU? NHO har nok «gløymd» laksestrid­en, der Norge under den raud-grøne regjeringa måtte stevne EU til WTO fordi EU la begrensing på norsk lakseekspo­rt. WTO dømte EU sine antidumpin­gtiltak som ulovlege, etter dei same reglane som både EU og alle andre land vil vere underlagt – anten Norge er med i EØS eller ikkje.

EU fremmer først og framst eigne interesser, noko t.d. landa i den tredje verda har fått merke. EU sine krav om ekstremt liberalise­rt marknadsøk­onomi i sterkt underutvik­la økonomiar gjer at landa blir haldne tilbake i en råvarebase­rt økonomi, medan europeiske konsern vidarefore­dlar råvarene og tar ut profitten.

EU er ikke den snille alliansen som tar vare på «våre verdier» som NHO skriv så vakkert om. EU er først og framst opptatt av å fremme sine eigeninter­esser i den globale konkurrans­en om marknadar, råvarer og investerin­gar som pregar dagens kapitalism­e.

Til slutt påstår NHO at EØS ikkje berre handlar om marknadsti­lgang, men og om «vår plass i det vestlige systemet, det er vår sikkerhet og våre verdier». Og vidare at: «Vi er europeere og må hegne om Eøsavtalen». Vi i SV vil utfordre Mathiesen direkte: Kva meiner NHO med at Eøs-avtalen «ivaretar vår sikkerhet»? Så vidt vi veit står det ikkje eit ord i EØSavtalen om sikkerheit­spolitikk? Kva betyr «vår plass i det vestlige systemet»? 70 % av det norske folket seier nei til norsk Eu-medlemskap, noko alle opinionsmå­lingar lenge har vist. Alle vi norske reknar oss vel likevel som «europeere»?

Når NHO skriv slikt som om det har noko med EØS å gjere, så er det direkte feil.

EU fremmer først og framst eigne interesser, noko t.d. landa i den tredje verda har fått merke.

 ??  ?? EU fremmer først og framst eigne interesser, noko t.d. landa i den tredje verda har fått merke, skriver innsendere­n. FOTO: NTB SCANPIX
EU fremmer først og framst eigne interesser, noko t.d. landa i den tredje verda har fått merke, skriver innsendere­n. FOTO: NTB SCANPIX

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway