Bergens Tidende

Har du reisefeber? Få oversikt over dei nye ferieregla­ne her.

-

Frå 15. juli vil regjeringa opne opp for reiser til fleire land, men framleis kan det vere risikabelt å bestille.

ingvild.nave@bt.no

Torsdag kom regjeringa med nye reiseråd som skal gjelde frå 15. juli.

– Det er heilt medvite at vi ventar til 15. juli med å opne opp. No har vi mogeleghei­ta til å sjå verknaden av meir reiseaktiv­itet i Europa, sa statsminis­ter Erna Solberg (H) då ho la fram reiseråda.

Det blir berre opna for land innanfor EU/EØS og Schengen. I tillegg må mellom anna desse kriteria vere oppfylt:

Talet smitta i landet skal ikkje overstige 20 pr. 100.000 innbyggara­r (gjennomsni­tt siste to veker)

Talet på innleggels­ar på i ntensivavd­elingar skal ikkje overstige 0,5 pr. 100.000

Talet på positive prøver skal vere under fem prosent Slik stoda er no vil det til eksempel blir grønt lys for å reise til Tyskland, medan smittespre­iinga i Portugal er for høg.

Dette kan også endre seg innan reiseråda trer i kraft om litt over to veker.

UD sine reiseråd Utanriksde­partemente­t ber framleis nordmenn unngå alle reiser som ikkje er naudsynte utanfor Norden.

Dette rådet gjeld heilt til 20. august. Ein blir i tillegg fråråda å reise til område i Norden som har høg smittespre­iing.

Frå og med 15. juli vil dei likevel innføre visse unntak for EU/EØS-land med låge smittetal.

FHI legger vekt på at smittesitu­asjonen kan endre seg raskt, og at ein må følgje med på UD sine nettsider for å vite om du må i karantene når du kjem heim, sjølv om landet var «grønt» då du reiste dit.

Vêr obs på Sverige

I ferieplanl­egginga må ein heller ikkje gløyme at også landet du skal besøkje har sine eigne reglar.

Danmark lempar på sine reiseråd frå og med laurdag 27. juni. Då vil personar frå alle EU/EØS-land utanom seks stykke få lov å sleppe inn i landet. Kravet er at du må ha bestilt minst seks overnattin­gar i landet.

Dersom du reiser til Sverige, må du framleis i karantene når du returnerer til Noreg. Det er også innreisefo­rbud til EU via Sverige, som torsdag blei forlenga til 7. juli.

Finland slepper i nn turistar frå Noreg, Danmark og dei baltiske landa frå og med 13. juli. Dei vil oppdatere lista over land dei opnar grensene til den 10. juli.

Kort fortalt må du følgje med på landet du ønskjer å reise til. Det skjer fortløpand­e endringar både nasjonalt og på EU-nivå.

Og sjølvsagt – reglane om ein meter avstand, god handhygien­e og at sjuke personar skal halde seg heime også vil gjelde på ferie.

 ?? FOTO: ANNIKA BYRDE, NTB SCANPIX ?? Statsminis­ter Erna Solberg under pressekonf­eransen der dei nye reiseråda blei lagt fram torsdag.
FOTO: ANNIKA BYRDE, NTB SCANPIX Statsminis­ter Erna Solberg under pressekonf­eransen der dei nye reiseråda blei lagt fram torsdag.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway