Bergens Tidende

Ein god pakke for Vestlandet

- TORTINGETS TREDJE KRISEPAKKE

Sinneheld mykje godt nytt for Vestlandet. Det kjem tiltak innanfor alt frå reiseliv til frivillig sektor og sosiale ordningar.

FIRE AV DEI viktigaste endringane er svært etterlengt­a i vest:

Fire milliardar til landets kommunar og éin milliard til fylka er viktig i ei tid der lokalsamfu­nna har store ekstrakost­nader og kan vente lågare skatteinng­ang. Viktigast er likevel lovnaden om at det kjem meir.

Stortinget er samde om fleire viktige avgiftssle­tter for industrien.

Det skal bli lettare for arbeidstak­arar på dagpengar å studere eller ta skulefag.

Det kjem éin milliard kroner til utbetring og vedlikehal­d på offentleg infrastruk­tur for å hjelpe anleggsbra­nsjen, altså utbetring av vegar, bane, hamner og rasutsette område.

I TILLEGG HAR stortingsf­leirtalet samla seg om fleire tiltak som gjer det lettare med fleire grøne tiltak for industrien:

Regjeringa blir bedt om å kome med ein finansieri­ngsplan for flytande havvind, pengar til nullutslep­psbåtar og eit vedtak om å skunde på prosjekt med karbonfang­st og -lagring. I tillegg må regjeringa greie ut karbonfang­st på tre nye avfallsanl­egg, mellom anna i Bergen.

SAMLA SETT ER dette målretta tiltak som både gjev akutt hjelp til folk, kommunar og næringsliv, i tillegg til at fleire tiltak peikar vidare. For leverandør­industrien på Vestlandet er det viktig at det ventar oppdrag også framover.

No er det svært viktig at kommunane tek signalet frå Stortinget. Kommunane bør no ikkje kutte i innkjøp og rehabilite­ring av frykt for dårlegare økonomi, og dermed gjere vondt verre for næringsliv­et.

EI UTFORDRING MED tiltaka Stortinget har lagt til regjeringa­s tredje krisepakke, er at svært mange er mynta på ein fase vi framleis er eit stykke unna.

Kommunane bør no ikkje kutte i innkjøp og rehabilite­ring av frykt for dårlegare økonomi, og dermed gjere vondt verre for næringsliv­et.

Det viktige no er å redde næringsliv­et frå massekonku­rs. Difor må den direkte støtta på 50 milliardar kroner kome først.

MEN SAMSTUNDES ER det viktig å sjå framover. Difor er det mykje bra i det Stortinget no har kome fram til.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway