Bergens Tidende

Ser ikkje skogen for berre olje

Brasils nye president er kanskje bra for business, men det kan ikkje vere nok for å få ros frå ei statseigd, norsk bedrift.

- LJETOPP MARGARETH ØVRUM SJØLV OM EIN ER EINIG

Orosar Brasils autoritære president Jair Bolsonaro. I eit intervju med DN seier ho at landet skjøttar regnskogen sin godt. Ho viser blant anna til at 80 prosent av skogen er verna, og at ho ikkje har sett forsøpling inne i regnskogen.

Equinors Brasil-sjef fokuserer på at avskoginga i Amazonas er lågare enn den var for nokre tiår sidan. Men ho vel å rose Bolsonaro. Etter berre få månader som president, har avskoginga i Brasil auka med om lag 40 prosent.

Landet har heller ikkje gjort nok for å hindre brannar i regnskogen. Då vert det rart å rose Bolsonaro.

ØVRUMS ROS KOM som ein reaksjon på Venstres framlegg om å bruke Equinor som pressmidde­l for å få til endringar i Brasils politikk. Og det var eit dårleg framlegg, som næringsmin­ister Torbjørn Røe Isaksen (H) sa klart nei til.

Men det blir feil å svare på eit dårleg forslag med eit tonedøvt forsvar.

UTVIKLINGA HAR FØRT TIL at Noreg held tilbake 300 millionar kroner frå Amazonasfo­ndet. Bolsonaros politikk bryt med Brasils avtale med Noreg.

Noreg burde brukt forhandlin­gane om ein ny handelsavt­ale til å skape press, slik EU har gjort. Etter 20 år med forhandlin­gar, trugar fleire medlemslan­d med å nekte å ratifisere avtalen.

EQUINOR HAR STORE investerin­gar og endå større ambisjonar i Brasil. Fram mot 2030 forventar selskapet å investere 125 milliardar kroner i landet.

Ifølgje Øvrum vil det bety ein produksjon som er tre til fem gongar høgare enn i dag. Og Brasil er allereie blant kjerneområ­da til selskapet som norske skattebeta­larar eig to tredjedela­r av.

Øvrums rosande ord gir difor bedriftsøk­onomisk meining, sjølv om dei ikkje er sanne.

med delar av Bolsonaros industripo­litikk, bør det likevel vere umogeleg å sjå vekk frå hans autoritære trekk.

Brasil har i lang tid slite med ekstrem vald frå både politi og kriminelle. Drapstala er skyhøge. Arbeidstak­arar har dårlege vilkår og folk vert utsette for store giftutslep­p.

Øvrums rosande ord gir bedriftsøk­onomisk meining, sjølv om dei ikkje er sanne.

Ulovleg hogging og brenning av regnskog er i praksis straffritt.

Bolsonaros politikk vil neppe betre denne situasjone­n. Heller tvert imot, for han kuttar i tiltak og kontrollor­gan som skal beskytte regnskogen.

I EIT DEBATTINNL­EGG i DN torsdag beklaga Øvrum at ho hadde skapt uvisse om Equinors syn på avskoging. Men hennar ros av Bolosonaro­s politikk var ikkje prega av uklarhet.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway