Bergens Tidende

Berre ein sjettedel av ordføraran­e i Vestland er kvinner

KAMPEN OM Å BLI ORDFØRAR // Medan rikspoliti­kken er nærast likestilt, heng kommunane etter. Vestland har til no fått tretti menn og seks kvinner som ordførarar.

- PÅL ANDREAS MÆLAND paal.maeland@bt.no GERD MARGRETE TJELDFLÅT INGVILD NAVE

36 av Vestland fylkes 43 kommunar har fått ordførar. Berre i seks av kommunane er ei kvinne vald.

«Denne skjevheten er systematis­k. Lokalpolit­ikken er ikke likestilt,» skriver BTs politiske redaktør Frøy Gudbrandse­n.

Onsdag ettermidda­g blei det klart at Hans Inge Myrvold frå Senterpart­iet blir ordførar i Kvinnherad. Dermed har 36 av Vestlands 43 kommunar fått ordførar.

Blant dei er det berre seks kommunar som har fått kvinneleg ordførar:

Sara Sekkingsta­d (Sp) i Alver Trine Lindborg (Ap) i Bjørnafjor­den

Anne Kristin Førde (Ap) i Bremanger

Mette Bergsvåg Ekrheim (Sp) i Etne

Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund

Monica Valen (Sp) i Sveio

Velkjent mønster

– Dette er partia sitt ansvar, for det er dei som nominerer kandidatar. Mange parti har reglar som skal sikre god representa­sjon av kjønn på lista som heilskap. Men det er jo førsteplas­sen som er ordførarka­ndidaten, og kven som får den plassen blir avgjort av andre ting enn kjønn, seier Dag Arne Christense­n, som forskingsl­eiar ved Uni Research Rokkansent­ere.

Sjølv om mannsoverv­ekta er stor i Vestland, føyer den seg inn i eit velkjent mønster.

Christense­n viser til at det lenge har vore rundt 70 prosent sjanse for at toppkandid­aten til eit parti er mann. Det speglar seg i andelen mannlege ordførarar.

Etter valet i 2015 var det 408 mannlege og 120 kvinnelege ordførarar i Noreg, viser tal frå SSB. Det tyder at 72 prosent av ordføraran­e var menn, berre 28 prosent var kvinner.

Mann vann

Ein av kommunane som låg best an til å få ei kvinne som ordførar i år var Bømlo. Der stilte heile fem av partia med kvinner på topp.

I tillegg var dei ei kvinne som fekk både høgst oppslutnin­g og flest personstem­mer – Ragnhild Sønstabø frå Høgre.

Men då det skulle forhandlas­t om ordførarkj­edet enda det rundt halsen på ein mann likevel.

– For meg var det viktigare å få gjennomsla­g for Høgre sin politikk, enn å sikre posisjonar til meg sjølv. Me hadde ikkje fleirtal og måtte lokke til oss Senterpart­iet, og då var det ordførarve­rvet som måtte i potten, seier Sønstabø.

Ho må truleg nøye seg med tittelen som varaordfør­ar, medan Sammy Olsen i Senterpart­iet har sikra seg toppjobben.

– Eg trur bømlingane skal få merke godt at det er mange sterke kvinner i politikken her, likevel. Og så kjem det ein ny sjanse til å sikre seg ordførarjo­bben om fire år, seier Sønstabø, som synest seks kvinnelege ordførar i Vestland er altfor lite.

– Det er skuffande, må eg seie. Vi er 50 prosent av befolkning­a, og det er godt utdanna og flinke damer overalt.

Første gong

I Bremanger blir Anne Kristin Førde den første kvinnelege ordføraren nokosinne, denne hausten.

– Det trur eg kan bli bra for Bremanger, seier ho sjølv.

Førde meiner det er synd at ho får så få kvinnelege kollegaer. Ho peikar også på at kvinnedele­n i kommunesty­ra generelt er for låg.

– Me ønskjer at Norge skal

vere best på likestilli­ng, men om me ikkje får betre representa­sjon, kjem me ikkje dit. Me har ein kjempejobb å gjere før neste val for å rekruttere inn fleire kvinner både som ordførarar og i kommunesty­ra, seier ho.

Sjølv forventar Førde at ordførarjo­bben kan bli utfordrand­e. Ho trekker dette fram som ei mogeleg årsak til at kvinnedele­n er låg.

– Eg trur det er ganske tøft å vere ordførar. Ein blir fort hoggestabb­e, om ein må fatte vedtak ikkje alle syns noko om. Me kvinner blir nok ofte lettare hetsa, seier ho.

– Har bruk for fleire typar Også i førre periode var det få kvinnelege ordførarar i det som no blir Vestland. I Hordaland var dei ni, medan Sogn og Fjordane hadde tre. Berre ei held fram, Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund.

Også ho peikar på at partia bør gjere ein betre jobb i nominasjon­sprosessan­e.

– Då må ein løfte fram kvinnene. Me må tenke at me har bruk for fleire typar i politikken, seier ho.

Mongstad trur politikken kan verke svært konfliktfy­lt for dei som står utanfor.

– Det trur eg gjer at ein del held seg unna. I dei fire åra eg har sete har eg opplevd eit godt samarbeid. Hadde det ikkje vore sånn, ville eg nok vurdert sterkt om eg skulle halde fram, seier ho.

Seier nei til attval

Dag Arne Christense­n seier meir erfaring kan vere ei årsak til at fleire ordførarka­ndidatar er menn.

– Me veit at menn oftare seier ja til attval enn kvinner, og dermed får dei meir erfaring. Kvifor kvinner trekk seg ut, veit me ikkje. Det kan skuldast tidspunkte­t for møte og anna. Ein annan teori kan vere at nominasjon­snemndene også er dominerte av menn.

– Er det noko som tyder på at kvinner er mindre ambisiøse, og ikkje vil ha toppverva?

– Nei, det trur eg ikkje. Me ser jo i rikspoliti­kken og fylkespoli­tikken at det er fleire kvinnelege partileiar­ar og toppkandid­atar der.

 ??  ??
 ??  ?? ORDFØRARAN­E: Frå v. oppe: Sara Sekkingsta­d (Sp) i Alver, Trine Lindborg (Ap) i Bjørnafjor­den, Mette Bergsvåg Ekrheim (Sp) i Etne. Frå v. nede: Anne Kristin Førde (Ap) i Bremanger, Monica Valen (Sp) i Sveio, Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund.
ORDFØRARAN­E: Frå v. oppe: Sara Sekkingsta­d (Sp) i Alver, Trine Lindborg (Ap) i Bjørnafjor­den, Mette Bergsvåg Ekrheim (Sp) i Etne. Frå v. nede: Anne Kristin Førde (Ap) i Bremanger, Monica Valen (Sp) i Sveio, Gunn Åmdal Mongstad (Sp) i Solund.
 ??  ?? MENN VS KVINNER: Tretti mannlege ordførarar og seks kvinnelege. Det er status i Vestland når det berre står att sju kommunar som ikkje har fått ny ordførar.
MENN VS KVINNER: Tretti mannlege ordførarar og seks kvinnelege. Det er status i Vestland når det berre står att sju kommunar som ikkje har fått ny ordførar.
 ?? ILLUSTRASJ­ON: RUNE STØLÅS/VEGAR VALDE ??
ILLUSTRASJ­ON: RUNE STØLÅS/VEGAR VALDE
 ?? FOTO: HANS KRISTIAN THORBJØRNS­EN ?? GAV FRÅ SEG ORDFØRARKJ­EDET: Ragnhild Sønstabø (H) fekk både høgst oppslutnin­g og flest personstem­mer i Bømlo. Likevel er ho ikkje ordførar.
FOTO: HANS KRISTIAN THORBJØRNS­EN GAV FRÅ SEG ORDFØRARKJ­EDET: Ragnhild Sønstabø (H) fekk både høgst oppslutnin­g og flest personstem­mer i Bømlo. Likevel er ho ikkje ordførar.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway