Bergens Tidende

Fekk grønt lys frå direktorat­et

- MALENE INDREBØ-LANGLO malene.indrebo-langlo@bt.no

Fredag vedtok Fiskeridir­ektoratet at havmerdene til Nekst AS får tildelt utviklings­konsesjona­r. – Dette kan utløyse investerin­gar på tre milliardar kroner, seier Martin Ramsdal i Nekst.

– Då har vi fått grønt lys! No startar dialogen om kor mange konsesjona­r vi får, men dette er ein fantastisk mogeleghei­t for oss, og Sogn og Fjordane, seier Martin Ramsdal, ein av dei to partnarane i oppdrettss­elskapet Nekst.

Selskapet meiner dei har funne løysinga på dagens utfordring­ar med lus og rømming i norske oppdrettsa­nlegg, og går alt etter planen skal dei byggje verdas største oppdrettsa­nlegg på land.

Der skal laksesmolt­en vekse til 2,7 kilo, før laksen vert sett ut i sjøen i Nekst sine «Havlilje»merdar. Det er desse merdane som no er blitt godkjende under utviklings­konsesjona­ne til direktorat­et.

«Under sterk tvil»

Søknaden – på 16 utviklings­løyve på 12.480 tonn laks – blei sendt inn i oktober 2016. Fredag kom svaret:

«Ut fra de opplysning­ene som foreligger på det nåvaerende tidspunkt vurderer Fiskeridir­ektoratet under sterk tvil at det omsøkte konseptet faller innenfor ordningen med utviklings­tillatelse­r,» står det i vedtaket. Vidare skriv direktorat­et at dei tek sikte på tildeling av ein eller fleire utviklings­tillatelse­r.

Ikkje grunnlag for 16

Per i dag er 31 søknadar blitt avslått av Fiskeridir­ektoratet, medan åtte prosjekt har fått tildelt til saman 53 løyver.

Direktorat­et påpeikar at dei ikkje ser grunnlag for å tildele Nekst 16 konsesjona­r. Dei understrek­ar også at dersom Nekst skal få ein eller fleire konsesjona­r, må realiserin­ga av prosjektet vere i tråd med ordninga om utviklings­tillatelsa­ne.

– Vi har ikkje snakka med direktorat­et enno, men sender etterspurd­e opplysning­ar kring finansieri­nga i løpet av neste veke, seier Ramsdal.

– Vi går sjølvsagt for 16 løyver. Det er det optimale dersom vi skal investere i eit såpass stort anlegg.

Han får støtte frå fylkesordf­ørar i Sogn og Fjordane Jenny Følling:

– Fylkesutva­let ber om at Fiskeridir­ektoratet og Fiskeridep­artementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekke­lege med utviklings­konsesjona­r slik at prosjektet kan realiseras­t med full utbygging, seier ho.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway