Bergens Tidende

Moralisme får ingen ut i arbeid

-

SPEKTER-SJEF Anne-Kari Bratten går i onsdagens DN fram som ein elefant i ein porselensb­utikk. Om deltidsarb­eidande kvinner seier ho at dei «vil heller gå og shoppe på CC Vest enn å jobbe».

Med si moralpreik­e klarar Bratten å avspore ein viktig debatt om framtidas arbeidsliv. Ho leier sjølv ein arbeidsgje­varorganis­asjon med mange medlemmer der ein jobbar deltid. Ikkje minst gjeld det sjukehusa.

Men framleis er det ein stor del av desse deltidsarb­eidarane som gjerne vil jobbe meir, men ikkje får det fordi arbeidsgje­varen nektar. For dei må bergtalen til Bratten stå fram som spesielt provoseran­de.

DELTIDSARB­EIDANDE kvinner utgjer den klart største arbeidskra­ftreserven i Noreg, noko statsminis­ter Erna Solberg la stor vekt på i sin tale til NHOs årskonfera­nse tysdag.

I dag arbeider 36,8 prosent av norske kvinner deltid, mot 12,5 prosent av menn, ifølgje Statistisk sentralbyr­å. Skal Noreg ha nok arbeidskra­ft i tiåra framover må fleire av desse ut i fulltidsjo­bb.

Men ein løyser ikkje problemet med moral, heller ikkje for dei som arbeider deltid fordi dei ønskjer det. I staden må arbeidsgje­varar, som sjukehusa Bratten organisere­r, leggje til rette for at fleire ufrivillig deltidsarb­eidande får heiltidsst­illingar.

Å FÅ DEI som frivillig har deltidsjob­bar til å jobbe fulltid er meir komplisert. Noko handlar om å leggje betre til rette for å kombinere fulltidsjo­bb med ungar og familie. Men det er ein myte at deltid berre handlar om tidsklemma. Det er fleire kvinner utan born enn kvinner med born under 16 år som jobbar deltid.

Ein del av deltidsarb­eidet handlar difor òg om livsval, at kvinner ser fritid som eit større gode enn den løna dei får ekstra ved å jobbe full tid. Det er eit val som den enkelte må ta sjølv.

For samfunnet er dette meir komplisert. Den norske velferdsst­aten er avhengig av at alle gjer sitt. Viss ein ikkje lykkast med å få kvinner og andre underrepre­senterte grupper som innvandrar­ar inn i fulltidsjo­bb, vil ikkje reknestykk­et gå opp. IFØLGJE regjeringa­s perspektiv­melding vil statens underskot auke med fem milliardar kroner i året frå 2030. Skulle ein finansiert dette med auka arbeid, måtte timeverket pr. innbyggjar aukast med 13 prosent, ifølgje tal Solberg la fram tysdag.

Det illustrere­r kor viktig det er å få fleire i arbeid framover. Det siste ein då treng er leiarar som gjer arbeidet vanskelega­re gjennom lite gjennomten­kte utspel.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway