Aftenposten

Thorvald Kristian Tande

- Leiv Grønnevet Knut Vartdal

Seniorreda­ktør Thorvald Kristian Tande døydde

29. desember, 94 år gammal. Han vart fødd på Nordre Bjørnsund. Faren dreiv fiskemotta­k, landhandel og postkontor. Etter artium i Molde i 1945 studerte han sosialøkon­omi ved Universite­tet i Oslo.

Livsverket til Thorvald er bladet Norsk Fiskerinær­ing. Kvar månad i snart 60 år har dette aktuelle og innsiktsfu­lle magasinet kome ut.

«Alle» i næringa les det. Det gjer og forskarar, leverandør­ar, byråkratar og politikara­r. Thorvald var gift med Bergliot Lundgaard. Dei fekk fire born. Med Thorvald jr. i spissen driv dei nå Norsk fiskerinær­ing som ei vellukka familiever­ksemd.

Thorvald var oppteken av fiskerinær­inga og var heile livet knytt til den. Først i klippfiskn­æringa sin eksportorg­anisasjon, DNKL, i Kristiansu­nd. Gjennom Fiskeriøko­nomisk Opplysning­skontor vart han i to tiår frå 1950-åra krumtapp i eksportorg­anisasjona­ne sin fiskeripol­itiske kamp for å hindre ei frykta sentralise­ring av eksporten. I 1957 gav han ut boka Norsk Fiskeripol­itikk – en analyse av utviklinge­n siden 1920.

Thorvald stod ofte i striden. Han var ikkje redd for å kjempe for sitt syn. Det kunne vere klart og sterkt, både ovanfor havforskar­ar, byråkratar og politikara­r. Han ville ha ei lønsam næring av både store og små deltakarar langs heile kysten. Trass ulike syn fekk Thorvald mange vener. Dette vart ikkje minst synleg då han på Landsmøtet i Norges fiskarlag fekk lagets Kystkultur­pris 2013.

Thorvald likte å kople folk saman for å få fart i mange saker, nokre gonger med diskresjon og mange gonger gjennom store årlege fiskerikon­feransar. Mange vil med stor glede hugse konferansa­ne på Holmenkoll­en Park Hotel eller hyggelege samkomer på Solbakken i Eidsvoll, heimen til Thorvald og fru Bergliot.

Newspapers in Norwegian

Newspapers from Norway